Ödsmål

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk

Koordinatar: 58°6′28.796″N 11°51′28.890″E

kyrkja i Ödsmål.

Ödsmål er ein svensk tettstad i den nordre delen av Stenungsunds kommun i Västra Götalands län i landskapet Bohuslän. I 2005 hadde tettstaden 557 innbyggjarar.

I følgje stadsnamnsforskarar kjem namnet av Auðnsmál, der forstavinga Auðn tyder nydyrking og tidlegare aude stad, og etterstavinga mál tyder mål (oppmålt plass).

Frå administrasjonssenteret i kommunen, Stenungsund, er det om lag 5 km til Ödsmål ,ed gode bussamband og ein sykkelsti.

I Ödsmål er det ein barneskule og tre barnehager. Dei fleste som bur i Ödsmål arbeider i Stenungsund eller Göteborg, men det finst òg nokre større arbeidsplassar. Den største er petrokjemiselskapet Perstorp Oxo, fulgt av Provexa, som mellom anna pulverlakkerer parabolantenner.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]