Öran

Koordinatar: 59°9′N 18°4′E / 59.150°N 18.067°E / 59.150; 18.067
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Öran
innsjø
Land  Sverige
Tilsig Långsjön
Utløp Hågaån
Høgd over havet 51,1 moh.
Lengd 1,57 km
Breidd 0,78 km
Areal 0,48 km²
Volum 1,1 km³
Kystlengd1 5,73 km
Kart
Öran
59°08′56″N 18°04′06″E / 59.148888888889°N 18.068333333333°E / 59.148888888889; 18.068333333333
Wikimedia Commons: Öran
1 Kystlengd er eit unøyaktig mål som kanskje ikkje er standardisert for denne artikkelen.

Öran er ein innsjø på grensa mellom kommunane Huddinge og HaningeSödertörn sør for Stockholm, og i landskapet Södermanland i Sverige.

Öran er ein sur og næringsfattig skogssjø, med badeplass i den sørvestlege delen av innsjøen. Ein liten del av innsjøen er avhalden for sportsfiske. Öran har vore svartelista for høge kvikksølvverdiar i fisk.

Vest for innsjøen ligg Paradisets naturreservat, med fleire turstiar, der ein av dei, Brinksligan, passerer vestbreidda av Öran. Òg Sörmlandsleden passerer innsjøen, ved sørsida.

Skogsområdet vest og sør for Öran vert kalla Hanveden, og huser òg innsjøane Långsjön, Svartsjön, Ormputten, Ådran og Tornbergssjön.

Ca. tre kilometer sørvest for Öran ligg Tornberget, som er det høgaste punktet i Södertörn, med 111 meter over havet.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

59°9′N 18°4′E / 59.150°N 18.067°E / 59.150; 18.067