Ørkenløpar

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Ørkenløpar

Status i verda: LC Livskraftig

ØrkenløparFoto: Dibyendu Ash
Ørkenløpar
Foto: Dibyendu Ash
Systematikk
Rike: Animalia
Rekkje: Chordata
Klasse: Aves
Orden: Charadriiformes
Familie: Glareolidae
Slekt: Cursorius
Art: C. cursor
Namn på andre språk
Vitskapleg namn
Cursorius cursor

Ørkenløpar (Cursorius cursor) er ein trastestor vadefugl i brakksvalefamilien, Glareolidae. Arten lever i Nord-Afrika Midt-Austen og over til Sørvest-Asia.

Skildring[endre | endre wikiteksten]

Ørkenløparar er ein sandfarga fugl med grått bakhovud og nakke omkrinsa av ei kvit og svart stripe frå auga til nakken. Nebbet er spisst og litt ned bøygd, beina lange. Storleiken er litt mindre enn heilo, 19–24 i kroppslengd og med kroppsmasse på ca. 100–150 gram. Kroppsforma minnar om loer.

I motsetnad til dei fleste andre vadarar trivst desse fuglane best på ope, tørt land, helst i halvørkenen, der dei vanlegvis jaktar insekt ved å springe langs bakken.

Ørkenløparar finst frå Kapp Verde og Kanariøyane i vest over Nord-Afrika til nordvestre India. Hekkesesongen strekkjer seg frå februar til september, men dei kan hekke om hausten og vinteren når lokale tilhøve med nedbør er gunstig.[1] Dei er sjeldne streiffuglar til Europa. Ørkenløparar er delvis trekkfuglar, nordlege og nordvestlige fuglar overvintrar i India, Arabia og over den sørlege randen av Sahara. Nokre fuglar hekkar òg i dei sørlege ørkenregionane i det nordvestlige India, Pakistan og Afghanistan.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Ørkenløpar
Namn på andre språk
Svensk Ökenlöpare
Engelsk Cream-coloured Courser
Tysk Rennvogel
Fransk Courvite isabelle
Spansk Corredor
Russisk Begunok (Бегунок)
Referansar
  1. Amezian, M., Bergier, P. & Qninba, A. 2014. Autumn-winter breeding by Cream-coloured Coursers Cursorius cursor is more common than previously reported. Wader Study Group Bulletin 121: 177-180.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Ørkenløpar