Ørsta/Volda lufthamn, Hovden

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Ørsta/Volda lufthamn, Hovden sett frå Saudehornet i august 2010 - sentrale delar av Hovdebygda i framgrunnen
Panoramabilete - april 2015: eit av Widerøe sine rutefly (Dash 8-Q100/Q200) på Ørsta/Volda lufthamn.

Ørsta/Volda lufthamn, Hovden er ei lufthamn som vert eigd og driven av Avinor AS. Lufthamna ligg midt mellom bygdebyane Ørsta og Volda i Møre og Romsdal fylke. Plasseringa er direkte i tettstaden Hovdebygda i Ørsta kommune. Flyplassen vart opna den 1. juli 1971 i samband med utbygginga av det norske kortbanenettet. Flyplassen hadde opphavleg ei rullebane på 866 x 30 m med asfaltdekke, seinare er ho blitt utvida til 1070 m.

Flyselskapet Widerøes Flyveselskap ASA driv ruteflyging til/frå lufthamna. Det går direktefly til Bergen lufthamn, Flesland og Oslo lufthamn, Gardermoen, Sogndal lufthamn, Haukåsen og Sandane lufthamn, Anda.

Flyplassen har hatt stor auke i passasjertalet dei siste åra. Mykje av årsaka til det, er betre kommunikasjonar i regionen (Eiksundsambandet og Kvivsvegen), som har gjort flyplassen lettare tilgjengeleg for fleire. I takt med dette har også rutetilbodet auka. Avstanden frå Ørsta sentrum til flyplassen er 4 km, frå Volda 7 km, Ulsteinvik 30 km, Fosnavåg 45 km og Stryn 64 km.

Volda Ørsta flyklubb har Hovden som base.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]