Øverbygd kyrkje

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk

Koordinatar: 68°59′51″N 19°7′58″E

Øverbygd kyrkje
kyrkje
Øverbygd kyrkje.jpg
Kyrkjesamfunn Den norske kyrkja
Bispedøme Nord-Hålogaland
Prosti Indre Troms
Sokn Øverbygd sokn
Fellesråd Målselv
Type langkyrkje
Arkitekt Jacob Wilhelm Nordan
Teknikk tømra[1]
Material tre[1]
Innvigd 13. desember 1867[1]
 - Endringar Restaurert i 1967, 1972 og 2015.
Kyrkjegard attmed kyrkja
Preikestol frå 1867, av Jon Markussen[1]
Døypefont frå 1867[1]
Altartavle frå 1934[1]
Sitjeplassar 280[1]
Wikimedia Commons: Øverbygd kyrkje

Øverbygd kyrkje er ei langkyrkje som står i Målselv kommune i Troms fylke.

Byggverket er frå 1867, er bygd i tømmer og har 280 sitjeplassar. Kyrkja er den eldste i Målselv kommune etter at hovudkyrkja på Storbakken brann ned i 1972.

Altartavla er frå 1934, er utført av Hjalmar Pedersen og viser «Jesus metter 5000 i ørkenen» som midtmotiv. Preikestolen er i tre av Jon Markusson frå 1867. Døypefonten er i furu og frå same tid.

Øverbygd kyrkje vart restaurert innvendig i 1967 og 1972. Mellom anna vart tømmerveggane isolert og panelt, for å gjere kyrkja lunare. Omnane som stod i kyrkja fram til då vart fjerna. Elekstrisk oppvarming og lys vart montert. Kyrkja fekk også doble vindauge. I nyare tid har det vore lokalt initiativ til å føre inventaret i kyrkja tilbake til den opphavlege stilen. Ein er også på jakt etter dei to omnane som vart fjerna i 1972.

Kyrkjegarden ligg like utanfor og er like gamal som kyrkja.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,0 1,1 1,2 1,3 1,4 1,5 1,6 Ronny Trælvik og Lill-Karin Nyland (2015). «Øverbygd kirke». Kirkene i Troms. 1. Finnsnes: Bok i Nord. s. 116. ISBN 978-82-93393-05-4. 

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]