Nord-Hålogaland bispedømme

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Tromsø domkyrkje
Trondenes kyrkje er den nordlegaste bevarde mellomalderkyrkja i landet, og ligg på Trondenes like ved Harstad.
Ishavskatedralen, eigentleg Tromsdalen kyrkje, frå 1965 er vorte eit kjennemerke for Tromsø.
Bardu kyrkje frå 1829 vart bygd med Tynset kyrkje i Østerdalen som forelegg.
Vardø kyrkje er den austlegaste kyrkja i Noreg. Som mange andre kyrkjer i Nord-Troms og Finnmark vart ho bygd under attreisinga etter andre verdskrigen. Mange kyrkjer vart øydelagde i krigshandlingar i 1944.
Karasjok gamle kyrkje er frå 1807.
Skarsvåg kyrkje er den nordlegast i Finnmark, om ein ikkje reknar med St. Johannes kapell i Nordkapphallen på Nordkapplatået.
Longyearbyen kyrkje. Svalbard sokn ligg under Tromsø domprosti.

Nord-Hålogaland bispedømme er eit bispedømme i Den norske kyrkja. Biskop Per Oskar Kjølaas har sete i Tromsø med Tromsø domkyrke. Bispedømmet femner Troms, Finnmark og Svalbard og har 63 sokn og åtte prosti.

Hålogaland bispedømme vart oppretta i 1804 og femnde Nordland, Troms og Finnmark. I 1952 vart bispedømmet delt i to og Nordland har sidan utgjort Sør-Hålogaland bispedømme.

Biskopar i Nord-Hålogaland[endre | endre wikiteksten]

Prosti og sokn[endre | endre wikiteksten]

Nord-Hålogaland bispedømme har følgjande prosti og sokn:


Fellesråd[endre | endre wikiteksten]

Bispedømmet har følgjande fellesråd:

Måsøy
Nordkapp
Porsanger
Karasjok
Lebesby
Gamvik
Berlevåg
Tana
Nesseby
Båtsfjord
Sør-Varanger
Harstad
Tromsø
Kvæfjord
Tjeldsund
Ibestad
Gratangen
Lavangen
Bardu
Salangen
Målselv
Sørreisa
Dyrøy
Senja
Balsfjord og Malangen
Karlsøy
Lyngen
Storfjord
Kåfjord
Skjervøy
Nordreisa
Kvænangen
Svalbard
Vardø
Vadsø
Hammerfest
Kautokeino
Alta
Loppa
Hasvik

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]