Bardu kyrkje
Bardu kyrkje | |
kyrkje | |
Kyrkjesamfunn | Den norske kyrkja |
---|---|
Bispedøme | Nord-Hålogaland |
Prosti | Indre Troms |
Sokn | Bardu |
Fellesråd | Bardu |
Type | Åttekantkyrkje |
Arkitekt | Ole Olsen Lundberg |
Teknikk | Tømra |
Material | Tre |
Innvigd | 1829 |
- Endringar | Restaurert i 1840 |
Sitjeplassar | 220 |
Wikimedia Commons: Bardu kirke | |
Bardu kyrkje ei åttekanta tømmerkyrkje frå 1829 på Setermoen i Bardu kommune i Troms fylke, og er soknet si hovudkyrkje og garnisonskyrkje. Kyrkja har om lag 220 sitjeplassar, inkludert galleriet.
Kyrkja er bygd som ein kopi av Tynset kyrkje men noko mindre.[1] Omkring 1800 utvandra ein god del frå Nord-Østerdalen til Nord-Norge og særleg til nybyggjarområda i Bardu.[2] Størstedelen av folkesetnaden i Bardu på den tida hadde bakgrunn frå Tynset og Alvdal, og dei heldt kontakt sørover.[3] Dei fleste nybyggjarane som kom til Bardu på 1800-tallet var frå Tynset. Den nyinnflytta byggmester Ole O. Lundberg frå Tynset reiste til si tidlegare heimbygd og teikna av Tynset kyrkje.[4] Bardu kyrkje har preikestolsalter som er eit trekk fra barokk, også dette etter modell av Tynset kyrkje. Interiøret er måla i lyse fargar og har rokokkopreg. Skipet har galleri rundt veggen.[5]
Kyrkja er i dagleg bruk, og i månadane juni-september er ho open på dagtid.
Kjelder[endre | endre wikiteksten]
- ↑ Sørmoen, Oddbjørn: Kirker i Norge 2, Oslo 2001
- ↑ Braseth, Leif (1991). Utvandringen til Bardu. Kulturstyret i Alvdal.
- ↑ Eggen, Øystein (1950). Bardu bygdebok. Bardu bygdeboknemnd.
- ↑ Munch, Jens Storm (1963). «Åttekantete kirker i Nord-Norge». Ottar. Gløtt fra Tromsø museum.
- ↑ «Bardu kirke». Arkitekturguide Nord-Norge, UiT. Henta 19. desember 2015.
Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]
- Om Bardu kyrkje i Kyrkjebyggdatabasen
- Om kyrkja på nettstaden til Bardu kommune
- Vis Bardu kyrkje i kulturminnesok.no, nettstaden til Riksantikvaren