Øverbysteinen

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Øverbysteinen er ein runestein frå eldre jarnalder. Han vart funnen på garden Øverby i Rakkestad kommune i Østfold, ca. seks kilometer sør for Rakkestad sentrum.

Steinen stod opphavleg eit lite stykke frå gardstunet, på ein stad der det har vore eit gravfelt frå jarnalderen, og eit gammalt vegfar. I 1905 vart steinen henta og lagt som trappestein ved inngangen til hovudbygninga. I 1990 vart huset rive og steinen vart lagt i hagen. I 2017 vart det oppdaga innskrifter på steinen, og han vart undersøkt av arkeologar frå Østfold fylkeskommune og Kulturhistorisk museum.

Innskrifta er:

iu irilaR raskaR runoR in(n) isni

Ei førebels tolking vert:

Hogg raske (dvs. dugelege) Iril runar for Isnil

Iril vert tolka som ein tittel, kanskje det same som jarl. Isnil er sannsynlegvis eit kvinnenamn.

Runene og teksta vert daterte til 400-talet e.Kr., det vil seia til folkevandringstida.

Sjå også[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]