Øvre-Ål Toneakademi

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Øvre-Ål Toneakademi
Studioalbum av Stein Torleif Bjella
Land Noreg
Språk Norsk
Utgjeve 2020
Sjanger rock, country, folk, vise
Lengd 41:45
Selskap Heime Med Hund Records[1]
Produsent Kjartan Kristiansen
Kritikk

Dagbladet 5/6 stars[1]
Musikknyheter.no 9/10 stars[2]
NRK 5/6 stars[3]
Puls positiv[4]
VG 5/6 stars [5]

Stein Torleif Bjella-kronologi 
Jordsjukantologien
(2018)
Øvre-Ål Toneakademi


Øvre-Ål Toneakademi er det sjette studioalbumet til Stein Torleif Bjella, utgjeve i 2020. Låta Mitt namn er Stein vart sleppt som singel den 20. mars før albumet kom den 24. april.[6][7]

Etter å ha brukt Bård Ingebrigtsen som produsent på dei to førre albuma har Bjella for dette albumet gått attende til Kjartan Kristiansen, som også produserte dei tre fyrste albuma hans. I tillegg til Bjella på song og gitar, spelar Geir Sundstøl (shankargitar, cümbüs, dobro, xylofon, klokkespel med meir), Kenneth Kapstad (trommer), og Eirik Øien (bass) på plata. Mari Persen har arrangert stryk og horn.

Albumet fekk god omtale i mellom andre Dagbladet og på NRK då det vart gjeve ut.[3][1]

Sporliste[endre | endre wikiteksten]

  1. Sundre city (5:23)
  2. Ekkel fisk (4:24)
  3. Mitt namn er Stein (2:58)
  4. Følsom person blues (4:36)
  5. Fødd på eit fjell (2:52)
  6. Min kjære og ven (4:32)
  7. Frisøren i sentrum (4:15)
  8. E likte deg (3:57)
  9. Fiskesangen (4:05)
  10. Fortapt spelemann (4:43)

Alle songane er skrivne av Bjella utanom Fødd på eit fjell som er skriven av Ole Paus.[8]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,0 1,1 1,2 Rønning, Øyvind. (24. april 2020). Så fengende har du aldri hørt Bjella. I Dagbladet. Henta den 25. april 2020.
  2. Evjen, Ådne. (23. april 2020). Sterke sanger og språklige gullkorn fra Øvre Ål. På musikknyheter.no. Henta den 25. april 2020.
  3. 3,0 3,1 Borge, Espen. (24. april 2020). Spennende og uforutsigbart musikalsk univers. I NRK. Henta den 25. april 2020.
  4. Arnesen, Per Henrik. (24. april 2020). Stein Torleif Bjella: Et nytt kvalitetsprodukt fra Øvre-Ål. I Puls. Henta den 25. april 2020.
  5. Bøe, Tor Martin. (23. april 2020). Albumanmeldelse Stein Torleif Bjella «Øvre-Ål Toneakademi»: Bare noe han gjør. I VG. Henta den 26. april 2020.
  6. Sagbakken, Veronica. (20. mars 2020). Stein Torleif Bjella slipper ny singel. På Disharmoni.
  7. Wilhelmsen, Ole Morten. (21. mars 2020). Stein hugger sin poesi ut i stein. På The Wilhelmsens. Henta den 25. april 2020.
  8. Om – Stein Torleif Bjella på steintorleifbjella.no. Arkivert frå originalen den 25. april 2020. Henta den 25. april 2020.