Thunder Bay

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Thunder Bay
by
Land  Canada
Areal 447,5 km²
Folketal 108 843 (2021)[1]
Kart
Thunder Bay
48°22′56″ N 89°14′46″ W
Wikimedia Commons: Thunder Bay, Ontario
Thunder Bay, med hamna i bakgrunnen

Thunder Bay er ein by i provinsen Ontario i Canada. Han ligg der elva Kaministiquia renn ut i Øvresjøen, nordvest i innsjøen. City of Thunder Bay har 109 140 innbyggarar (2006),[2] og eit areal på 328,48 km².[2]

Skogs- og transportindustri dominerer næringslivet i byen.

Staden har innlandsklima, trass i påverknad frå den veldige Øvresjøen som gjer at somrane er noko kaldare og vintrane noko varmare enn breiddegraden tilseier.

Historie[endre | endre wikiteksten]

Dei første europearane var franske pelsjegerar som kom til området på 1600-talet. Her grunnla dei nokre handelsstasjonar ved staden dei kalla Baie de Tonnere. Gjennom fredsavtalen etter sjuårskrigen, inngått år 1763, fekk Storbritannia råderett over heile området, til liks med heile Ny-Frankrike. Britane bygde i år 1798 ei festning ved namn Fort William, som med tida voks til ein liten by. På 1800- og 1900-talet busette mange immigrantar seg i området, som i mange andre stader i Canada.

By og storbyområde[endre | endre wikiteksten]

Bydelane i Thunder Bay

Dagens by vart danna 1. januar 1970 då grannebyane Fort William og Port Arthur vart slegne saman, og i lag med dei nærliggande landsbyane McIntyre og Neebing vart til Thunder Bay. Sjølve tettstaden har 103 247[3] innbyggarar (2006) på eit areal på 179,71[3] km².

Storbyområdet Thunder Bay Census Metropolitan Area har 122 907 innbyggarar (2006)[4] på eit areal på 2 550,4 km².[4] Området består av byen Thunder Bay, kommunane Conmee, Gillies, Neebing, O'Connor, Oliver Paipoonge og Shuniah, og urfolksreservatet Fort William 52.

Idrett[endre | endre wikiteksten]

Verdsmeisterskapen på ski i nordisk greiner for 1995 vart arrangert i Thunder Bay. Fred Børre Lundberg, Tommy Ingebrigtsen, Sture Sivertsen, Erling Jevne, Bjørn Dæhlie og Thomas Alsgaard var dei norske utøvarane som vann VM-gull.

Notar[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,0 1,1 1,2 1,3 https://www12.statcan.gc.ca/census-recensement/2021/dp-pd/prof/details/page.cfm?Lang=F&SearchText=Thunder%20Bay&GENDERlist=1,2,3&STATISTIClist=1&DGUIDlist=2021A00053558004&HEADERlist=1.
  2. 2,0 2,1 Statistics Canada Flatevidd og innbyggartal for provinsar, territorium og kommunar ved folketeljinga den 16. mai 2006
  3. 3,0 3,1 Statistics Canada Flatevidd og innbyggartal for dei urbaniserte områda ved folketeljinga den 16. mai 2006
  4. 4,0 4,1 Statistics Canada Flatevidd og innbyggartal for storbyområda ved folketeljinga den 16. mai 2006