Øya Karmøy

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Denne artikkelen handlar om øya i Noreg. For øya i Antarktis, sjå Karmøy i Antarktis. For kommunen, sjå Karmøy kommune.
Karmøy
Geografi
Norway - Karmøy.png
Stad Haugalandet
Koordinatar 59°16′N 05°15′EKoordinatar: 59°16′N 05°15′E

Areal 176,8 km²
Lengd 30 km
Breidd 8,5 km

Høgaste punkt Søre Sålefjell (132 moh.)

Administrasjon
Land Noreg
Fylke Rogaland
Største busetnad Kopervik (6592 innb.)

Karmøy, lokalt Karmøyne eller Karmøynå, er ei øy i nordvest i Rogaland, like sør vest for Haugesund. Heile øya ligg i kommunen med same namn. Øya har eit areal på 176,8 km² og er den største øya i Rogaland. Like sør for Haugesund går Karmsund bru over til øya. Karmsundet ligg mellom Karmøy og fastlandet.

Dei største busetjingane på Karmøy er Kopervik, Åkrehamn, Skudeneshavn og Avaldsnes. Haugesund lufthavn, Karmøy ligg heilt nord på øya.