Øya Villa

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Øya Villa
Geografi
Norway - Villa.png
Stad Namdalen
Koordinatar 64°32′52″N 10°41′19″EKoordinatar: 64°32′52″N 10°41′19″E

Areal 1,2 km²

Høgaste punkt Villafjellet (106 moh.)

Administrasjon
Land Noreg Noreg
Fylke Trøndelag

Demografi
Folketal 0

Villa er ei øy i Flatanger kommune i Trøndelag. Arealet er 1,2 kvadratkilometer. Villa ligg ytst i skjergarden i Flatanger med havstykket Folda som næraste nabo i nord og vest.

Store delar av øya består av snaufjell og svaberg, men ho har òg myr- og lyngområde og kan by på en rikhaldig flora, òg med meir sjeldne planter. Gul nøkkerose finst på Villa, og planta vassgro har si nordlege grense her. På øya ligg òg Villa fyr som var i drift frå 1839 til 1890. Ved folketeljinga i 1875 budde fire familiar her: fyrforvaltar, fyrassistent og to losfamiliar. Øya hadde fastbuande fram til 1960-talet.

Spire Denne geografiartikkelen som har med Trøndelag å gjere er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.