Øyrelva i Gulen

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Øyrelva
elv
Land Flag of Norway.svg Noreg
Nedslagsfelt 18,5 km²
Sideelvar Sulelva, Tynningestølselva,
Fossedalselva, Botnelva
Lengd 6,3 km
Middelvassføring 2,80 /s
Kjelde Lindelifjellet
 - høgd 710 moh.
Munning Yndesdalsvatnet
 - høgd 104 moh.

Øyrelva i Gulen
60°56′31″ N 5°23′56″ E

Øyrelva er ei elv i Gulen kommune i Sogn og Fjordane. Ho er 6,3 km lang, og har eit nedbørfelt18,5 km².[1] Middelvassføringa ved munningen er 2,80 m³/s.[1]

Elva har utspring frå nokre små vatn på Lindelifjellet, og renn derfrå i vestleg, seinare sørvestleg retning ned mot grenda Verkland. Elva blir her kalla Storelva, og renn saman med sideelvane Botnelva og Fossedalselva. Lengre ned blir dalen flatare, og elva renn gjennom myrlendte område ved Nylona og Verlonene. Ho møter her sideelvane Tynningestølselva og Sulelva. Sulelva, som er den største av sideelvane, kjem frå Sulevatnet, som ligg på kommunegrensa mellom Gulen og Masfjorden. Etter samløpet med Tynningestølselva og Sulelva skiftar elva namn til Øyrelva og renn vidare mot vest den siste kilometeren til ho munnar ut i Yndesdalsvatnet like søraust for grenda Yndesdal.

Fv2 går langs vassdraget frå Ynnesdalsvatnet til forbi Verkland.

I likskap med mange andre vassdrag i området vart fiskebestandane i Furdalselva negativt påverka av sur nedbør, spesielt i tida 1960-1990. I dei tre Dauremålsvatnan døydde auren ut allereie på 1960-talet.[2]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,0 1,1 NVE Atlas, Norges vassdrags- og energidirektorat
  2. Annie Elisabeth Bjørklund: Naturressurskartlegging i Gulen kommune, Sogn og Fjordane: Miljøkvalitet i vassdrag, Rådgivende Biologer AS, Rapport nr. 155, mars 1995, ISBN 82-7658-050-5