Øystein Runde

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Øystein Runde (fødd 1979) er ein norsk teikneserieskapar. Han har gitt ut to album med BjartmannJippi forlag, laga Margarin med Kristopher Schau, skriv serien «Futen» for Knut Andre SolbergSchibsted og den parallell-historiske actionserien »De Fire Store" for Geir MoenGyldendal.

Liv[endre | endre wikiteksten]

Øystein Runde voks opp i Ulsteinvik. Han er son til to lærarar, og tok allmennfagleg utdanning ved Ulstein vidaregåande skule. Han var ordonnans på Akershus Festning i militærtenesta, noko som er dokumentert i historia «Akershus Festning», teikna av Henry Bronken og Firuz Kutal, i eit nummer av Jippi Forlag sin antologi «Forresten». Han har gått to år ved filmlinja på Nordland Kunst- og Filmskole i Kabelvåg, og skreiv og regisserte to kortfilmar der. Seinare har han halde kurs ved Nordland Kunst- og Filmskole og på Sunnhordland Folkehøgskule. Han har også studert litteraturvitskap, estetikk og norrøn litteratur ved Universitetet i Oslo. I 2009 skreiv og regisserte han ein live-action trailer til sin eigen teikneserieroman "Soga om Olav Sleggja", som har ført til spekulasjonar om det kjem større prosjekt.

Teiknestil[endre | endre wikiteksten]

Øystein Runde har ingen eintydig teiknestil som går att i dei forskjellige seriane. I Rundetid nyttar han ein enkel strekstil som først og fremst byggjer opp under temaa som serien omhandlar. Det er nesten heilt motsett i Margarin, der teikningane er svært detaljerte, og dermed byggjer oppunder den noko absurde og groteske handlinga. Kompleksiteten i Bjartmann ligg midt i mellom desse, og illustrerer først og fremst handlingane til hovudpersonen.

Tema[endre | endre wikiteksten]

Seriane har oftast eit humoristisk syn på ymse tema. Rundetid omtalar emne som ungdom kan kjenne seg att i og passar difor inn i profilen til Spirit. Det kan vere vanskeleg å sjå at Margarin tek opp særskilde tema, men ein kan kanskje tolke det groteske innhaldet som ei skildring av heimkommunen Ulstein, som vart kåra til Noregs beste stad å bu i 1990-åra, blant anna gjennom ei teikning av ei t-skjorte som omtalar denne kåringa. Liknande tolkingar kan ein kanskje òg finne i Bjartmann, ein serie om ein noko spesiell superhelt frå Ulstein.

Utgjevingar[endre | endre wikiteksten]

Fast skribent i bladet Rocky heile 2007, mellom anna med spalta "Battle" der han køyrer diktarar som Nordahl Grieg og Olav H. Hauge opp mot rapparar som Kool G Rap og Scarface.

  • 2007 - Futen - manus, biserie i M-bladet
  • 2007 - De Fire Store - Teikneserieroman, forfatta av Runde og teikna av Geir Moen. Nominert til Ungdomsbokprisen UPris 2007. Vann Kirke- og Kulturdepartementets pris for beste teikneserie 2007. Gyldendal
  • 2008 - The very best of Rundetid. Samling av fyrstikkmann-striper frå Spirit. Gyldendal
  • 2008 - Futen - album 2. Forfatta av Runde og teikna av Knut Andre Solberg.
  • 2009 - Soga om Olav Sleggja. Teikna og forfatta av Runde. Samlaget Nominert til Kirke- og Kultrurdepartementets teikneseriepris og Sproingprisen 2009.
  • 2010 - De Fire Store bok 2. Teikna av Moen, forfatta av Runde. Cappelen
  • 2010 - De Fire Store - Julen 1898. Julehefte. Teikna og forfatta av Runde. Cappelen

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]