Øyvind Alsaker
Øyvind Alsaker | |
Statsborgarskap | Noreg |
Fødd | 16. august 1965 (59 år) Flora kommune |
Yrke | sportsjournalist, fotballkommentator, programleiar, reporter |
Øyvind Alsaker (fødd 16. august 1965) er ein norsk sportsjournalist og fjernsynspersonlegdom frå Florø i Sogn og Fjordane.
Han er utdanna ved Høgskulen i Volda.
Han starta som radioreporter i NRK, og vart tilsett i P2 i 1990.[1] Då TV2 vart skipa i 1992 fekk han jobb som fotballkommentator i den nye TV-kanalen. I 1998 gjekk han til Canal+. Frå 2006 var han tilbake i TV2, men fortsette å kommenterte engelsk Premier League hjå Canal+.[2]
Alsaker kommenterte brorparten av kampane frå Tyskland under VM i 2006. Tippeligaen blei også dekka av TV2, og han kommenterte ein stor del av kampane saman med Nils Johan Semb. Alsaker kommenterte også EM 2008 i Sveits og Austerrike saman med Nils Johan Semb og Totto Dahlum.
Under OL i Sotsji kommenterte han alpint for TV2.
I 2019 gav han ut boka En for laget – Solskjærs United saman med Atle Nielsen.[3]
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- ↑ «Øyvind til P2». Firdaposten. 18. desember 1990. s. 3.
- ↑ Cederblad, Christian August (16. mai 2020), «Alsaker avslører: Dette øyeblikket er mitt aller største som kommentator», Sportsbibelen (på norsk bokmål), henta 22. november 2024
- ↑ «Alsaker om Solskjær-suksessen: – Godt rustet til å nærme seg de to store». Boktips (på norsk bokmål). 4. august 2020. Henta 5. august 2024.
- Denne artikkelen bygger på «Øyvind Alsaker» frå Wikipedia på bokmål, den 3. februar 2019.