(I'm a) Road Runner

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
(I'm a) Road Runner
Singel av Junior Walker & the Allstars
frå albumet Road Runner
Utgjeve 1966
Sjanger Soul, rock and roll
Lengd 2:49
Selskap Tamla Motown
Låtskrivar(ar) Holland–Dozier–Holland
Junior Walker & the Allstars-kronologi
«Cleo's Back»
(1966)
(I'm a) Road Runner «Cleo's Mood»
(1966)


«(I'm a) Road Runner» er ein song av Junior Walker & the Allstars frå albumet Road Runner frå 1966. Songen er skriven av låtskrivarlaget Holland–Dozier–Holland og vart gjeven ut på Tamla (Motown) i 1966 og nådde topp 20 i USA og Storbritannia.[1][2]

Walker spelar ein markant tenorsaksofonsolo, akkompagnert av Mike Terry på barytonsaksofon og Willie Woods på gitar. Under produksjonen av innspelinga, vart det oppdaga at Walker berre kunne spele songen i to toneartar, så då Walker song songen i ein toneart han ikkje kunne spele i, vart saksofonen spelt inn i ein annan toneart, og sidan auka dei tempoet på lydbandet, slik at saksofonen hamna i rett toneart.[3]

Andre utgåver[endre | endre wikiteksten]

James Taylor spelte songen i første episode av andre sesong av Saturday Night Live. Taylor spelte òg inn songen i 2008 på albumet Covers

Den britisk-amerikanske rockegruppa Fleetwood Mac spelte inn songen med Dave Walker på solovokal i 1973 for albumet Penguin.

Jerry Garcia Band framførte songen i 1975, sidan gjeven ut på The Jerry Garcia Collection, Vol. 2: Let It Rock.

Peter Frampton spelte songen i 1977 for albumet I'm in You.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Allmusic.com
  2. HDH Records
  3. Brian's Weekly Sleevenotes from BBC Radio 2's «Sounds of the Sixties» broadcast 5 July 2014.