Dave Walker

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Dave Walker
DaveWalker-Bozeman-SLAMFest.jpg
Verkeleg namn David Walker
Opphav Walsall, England
Fødd 25. januar 1945 (73 år)
Walsall
Instrument

vokal, gitar, munnspel

Sjanger R&B, pop, rock, blues, heavy metal
Aktive år tidleg1960-åra–1979, 1986 til i dag
Tilknytte artistar Idle Race, Fleetwood Mac, Savoy Brown, Black Sabbath

David Walker (fødd 25. januar 1945) er ein songar og gitarist som har spelt i fleire band, mellom andre Savoy Brown og Fleetwood Mac. Han korta ned namnet sitt til Dave Walker. Han starta karrieren sin tidleg i 1960-åra med bandet The Redcaps, i lag med broren Mick Walker. Andre band har spelt i er Beckett, Idle Race, Hungry Fighter, Raven, Mistress og Black Sabbath.

Biografi[endre | endre wikiteksten]

Walker vart med i the Redcaps som rytmegitarist tidleg i 1963, og tok etter kvart over som vokalist då Ronnie Brown slutta. Besetninga bestod då av gitaristane Mick Blythe og Roy Brown, bassisten Mike Walker, trommeslagaren Alan Morley og saksofonisten Mac Broadhurst, og the Redcaps fekk kontrakt med Decca, der dei spelte inn tre singlar. Ingen av singlane gjorde det bra og the Redcaps vart oppløyst.

Walker byrja så å spele i Beckett, eit lokalt band frå Birmingham som aldri klarte å slå gjennom. Dei gav seg i 1969 utan å ha spelt inn noko som helst. Walker fekk då tilbod om å overta for Jeff Lynne i Idle Race. Med Idel Race spelte dei inn eit nytt album. Ein versjon av Mungo Jerry sin «In the Summertime» vart ein stor hit i Argentina sommaren 1970. Han fekk så tilbod om å synge i Savoy Brown, og frå der gjekk han vidare til Fleetwood Mac. For Fleetwood Mac var han berre med på innspelinga av Penguin i 1973, og då berre på to songar. Musikalske skilndar var årsaka til han vart beden om å slutte i bandet etter kort tid.

I 1974 slo han seg saman med Danny Kirwan, som òg hadde spelt i Fleetwood Mac, og danna Hungry Fighter. Alt utstyret deira vart øydelagd i ei bilulukke, og bandet vart oppløyst kort tid etter.

Walker flytta til San Francisco i 1975. Der danna han Raven i lag med John Cipollina, gitaristen Greg Douglas frå Steve Miller Band og bassisten Skip Olson. Då Cipollina slutta starta dei andre bandmedlemmane bandet Mistress. Han fekk så telefon frå Tony Iommi om å bli med i Black Sabbath og i november 1977 drog han til England. Walker skulle erstatte Ozzy Osbourne, som nettopp hadde fått sparken, men bandet henta inn att Osbourne og Walker måtte dra. Black Sabbath spelte aldri inn noko musikk medan Walker var i bandet, men dei spelte ein gong på fjernsyn, der dei framførte «Junior's Eyes» i januar 1978 på BBC. Walker reiste attende til USA, og det neste prosjektet hans, Dave Walker Band blømde ei kort tid, før han gav seg med musikken det neste tiåret. Han starta opp att i 1986 i ei ny besetning av Savoy Brown. Dei spelte inn tre album dei neste fire åra.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]