1B1

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk

1B1 er eit ensemble som består av musikarar som underviser ved Universitetet i Stavanger, musikkstudentar derifrå, frå Griegakademiet i Bergen og Universitetet i Agder, vidaregåande skular, kulturskular og medlemmar av Stavanger Symfoniorkester. [1] Gruppa blei skipa i 2008 og har Jan Bjøranger som kunstnarisk leiar. Ensemblet har m.a. samarbeidd med Arvo Pärt, Clemens Hagen, Benjamin Schmid, Steve Reich, Tõnu Kaljuste og Lars Anders Tomter. [2]

Ensemblet gav ut sin fyrste cd i 2012 saman med Martin Kuuskmann og Lars Anders Tomter. Den bestod av konsertar av J.S. Bach og Telemann for bratsj og fagott. [3]

I 2014 gav ensemblet ut cd-en Holberg Variations, som inneheld tre svært ulike versjonar av Griegs Holbergsuiten saman med pianisten Christian Ihle Hadland og jazzkomponisten Erlend Skomsvoll. Cd-en vann Spellemannprisen 2014 i kategorien for klassisk musikk. [4]

Fotnotar[endre | endre wikiteksten]