Fagott

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Fagott

Ein moderne fagott sett frå to vinklar
Treblåseinstrument
Andre namnBassoon
Klassifiseringsingle oboes with conical bore, treblåseinstrument, dobbelt røyrbladinstrument
Hornbostel-Sachs klassifisering422.112-71
(Aerofont instrument med dobbelt røyrblad og klaffar)
UtviklaTidleg på 1700-talet
Døme
Liknande instrument
Speleregister
Speleregister
Speleregister

Fagott er eit treblåseinstrument som gir ein djup tone. Ein speler på fagotten med eit dobbelt røyrblad. Ulike tonar blir til ved at ei opnar eller tettar fingerhol og klaffar. Fagotten er eit ganske stort instrument, ca 1,3 meter høgt. Det har stort toneomfang, 3,5 oktavar, og det finst òg ein kontrafagott som kling ein oktav djupare enn ein fagott, men har nesten same omfang. I undervisninga av barn kan ein nytta ein fagottino, ein liten fagott, som enten er stemt ein kvart, ein kvint eller ein oktav høgare enn ein vanleg fagott.

Luftstraumen gjennom ein fagott

Fagotten har utvikla seg frå eit instrument som blei kalla «curtal» eller «dulcian». Ein har veldig lite konkret kunnskap om opphavet til instrumentet. Ein trudde lege at den fyrste fagotten blei konstruert på 1400-talet under namnet bombard, men ein har seinare funne ut at dette var ei slags sekkepipa. Det er i alle fall klart at forgjengarane til dagens instrument kom til Europa med tyrkarane, som organiserte militærkorps der musikarane blei kalla janitsjarar.

Dei fleste fagottistar produserer sine eigne røyrblad. Emnet blir trekt i vatn, fasongskore og høvla før det blir vika saman og bunde opp i fuktig tilstand (fukta gjer at ein unngår sprekkdanningar). Til slutt må ein skrapa eller pussa røyrblada og justere wirane slik at røyrblada får passe motstand og passar fagottistens personlege klangideal og spelestil. Det tar minst 2-3 dagar å spela inn eit nytt røyrblad, og ein kan bruka det intensivt i 1-3 veker.

Fagottsolo frå Nikolaj Rimskij-Korsakov sitt Scheherazade

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons har multimedium som gjeld: Fagott