2001: En romodyssé

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
2001: En romodyssé
Språk Engelsk
Regissør Stanley Kubrick
Produsent Stanley Kubrick
Manus Stanley Kubrick
Arthur C. Clarke
Medverkande Keir Dullea
Gary Lockwood
Sjeffotograf Geoffrey Unsworth
Klipp Ray Lovejoy
Filmselskap Metro-Goldwyn-Mayer
Utgjevingsår 1968
Lengd 161 minutt (premiere)[1]


142 minutt (kinoversjon)[2] min.

Budsjett 10,5–12 millionar US-dollar[3][4]

2001: En romodyssé (engelsk tittel 2001: A Space Odyssey) er ein science-fiction-film frå 1968 med regi av Stanley Kubrick. Historia er delvis basert på ulike noveller av medforfattaren Arthur C. Clarke, særleg «The Sentinel» frå 1951. Kubrick og Clarke samarbeidde om å skriva manuset.[5]

Clarke skreiv også ein romanversjon som kom ut same året som filmen. Denne romanen voks etter kvart til den såkalla Space Odyssey-serien.

Innhald[endre | endre wikiteksten]

Kostymet til ein «menneskeape» i filmen.

Filmen tek til millionar av år i fortida med ei gruppe menneskeapar i ørkenen i Afrika. Her blir sjåaren vitne til at ein diger monolitt dukkar opp frå ingenting framfor dei forskrekka apane. I neste scene ser vi at apane har teke i bruk beinrestar som våpen medan dei slåst mot ei anna apestamme.[6]

Romskipmodell av «Orion III» brukt i filmen.

Deretter gjer filmen eit hopp fram i tid – til år 1999. Her møter vi astronauten Heywood R. Floyd (William Sylvester), som er på reise mot månen. Ei astronautgruppe har nemleg funne ein monolitt på månen som sender mystiske signal opp mot Jupiter.[6]

Den tredje og lengste delen i filmen utspelar seg i år 2001 i romskipet «Discovery». «Discovery» har kurs mot Jupiter, der dei skal finna årsaka til signala. Kanskje er dei i ferd med å oppdaga liv utanfor jorda? Leiaren av ekspedisjonen er den talande datamaskinen «HAL 9000». Hal har kontroll over heile skipet, inkludert tre astronautar som ligg i dvale. Berre to av mannskapet ombord er i vaken tilstand; det er Dave (Keir Dullea) og Frank (Gary Lockwood). Dei oppdagar snart at ikkje alt er som det skulle vera – det er ein feil ved skipet, og dei blir sett i livsfare.[6]

Det viser seg etterkvart at den største feilen ligg i den kunstige intelligensen til HAL 9000. Astronautane blir samde om å prøva å kopla ut intelligensdelen av datamaskinen. HAL veit om planane deira og går til motåtak. Han sender Frank tumlande ut i verdsrommet, skrur av livfunksjonane til dei sovande astronautane og prøver stenga Dave ute frå romskipet. Dave klarer å ta seg til kontrollrommet og kopla ut HAL medan datamaskinen ber for seg. Etter at HAL er kopla frå blir Dave gjeven det verkelege oppdraget til romferda i eit opptak.[6]

Modell av rommet Dave kjem til i slutten av filmen.

Ved Jupiter går ein annan monolitt i bane rundt planeten. Dave forlèt romskipet i ein romkapsel.[6] Han blir trekt inn i ein virvel av lys og får sjå mange ulike lysfenomen. Til slutt ender han i eit rom med eit lysande kvitt golv og eldre utgåver av seg sjølv og nok ein monolitt. Idet han tar på han blir Dave gjort om til eit slags foster som flyt i verdsrommet inni ei lyskule og ser mot jorda.

Mottaking og lydspor[endre | endre wikiteksten]

Filmen ber preg av å vera ein kunstfilm, noko som kan forklara at han har lite handling og dialog i store delar av filmen. Han vann ein Oscar for beste visuelle effektar, og var nominert for beste regissør, beste manus skrive direkte for film og beste scenografi. I Storbritannia vann han BAFTA-prisar for beste art direction (kunstnarisk utforming), kinematografi og lydspor, og var nominert til beste film-kategorien.[7]

Filmen fekk ei heller lunka mottaking då han kom ut i 1968, men har seinare fått status som eit meisterverk. Særleg imponerande er det at filmen kom ut før månelandinga i 1969.

2001: En romodyssé er også kjend for lydsporet sitt, som understrekar den underliggjande bodskapen i filmen. I løpet av filmen høyrer ein «Also sprach Zarathustra» av Richard Strauss, «An der schönen blauen Donau» av Johann Strauss d.y., adagio frå balletten Gajané av Aram Khatsjaturjan og samtidsmusikk av György Ligeti.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Agel 1970, s. 169.
  2. Agel 1970, s. 170.
  3. Miller, Frank. «Behind the Camera on 2001: A Space Odyssey». Turner Classic Movies. http://www.tcm.turner.com/this-month/article.html?isPreview=&id=25746%7c26711&name=Behind-the-Camera-11-30-. Henta December 24, 2014. 
  4. «2001: A Space Odyssey (1968)». Box Office Mojo. http://boxofficemojo.com/movies/?id=2001.htm. Henta March 20, 2012. 
  5. «2001: A Space Odyssey», imdb.com.
  6. 6,0 6,1 6,2 6,3 6,4 «Synopsis», imdb.com.
  7. [«Awards», imdb.com.

Bakgrunnsstofff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: 2001: En romodyssé
Wikifrasar Wikifrasar har ei sitatsamling som gjeld: 2001: En romodyssé