György Ligeti

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
György Ligeti
György Ligeti (1984).jpg
Fødd 28. mai 1923
Târnăveni
Død

12. juni 2006
Wien

Yrke komponist, musikkpedagog, universitetslærar, pianist, musikar, librettist
György Ligeti på Commons
György Ligeti til venstre

György Sándor Ligeti (ungarsk: Ligeti György Sándor) (28. mai 192312. juni 2006) var ein dei viktigaste komponistane innanfor kunstmusikken på 1900-talet. Han blei fødd inn i ein ungarsk, jødisk familie i Transilvania, Romania, men budde i Ungarn før han i 1956 emigrerte til Austerrike.

Musikken Ligeti skreiv i Ungarn, var tydeleg inspirert av Béla Bartók, og dei mest modernistisk orienterte verka blei slått hardt ned på av den sovjetiske sensuren. Etter å ha flytta frå Ungarn, komponerte Ligeti verk med vekt på teksturar (inspirerte av elektronisk musikk), mikro-polyfoni (som han sjølv kalla det), og klangflatar. I 1970-åra trer rytmen fram som eit viktig element, og i 1977 komponerer han sin einaste opera Le Grand Macabre. Ved overgangen til 1980-talet er det ein periode med få verk frå Ligeti; det var ein periode som blei brukt til utviklinga av ein ny stil. Den innebar ein mindre tett kromatikk, ein hang til å favorisera små og store tersar, samt komplekse og maskinaktige polyrytmar. Blant dei mest kjende verka frå denne siste perioden er pianokonserten (som han kalla eit estetisk credo), fiolinkonserten og Hamburg-konserten.

I 1993 vart Ligeti tildelt Ernst von Siemens’ musikkpris.

Hjå det store publikummet er verka til Ligeti best kjent gjennom filmane til Stanley Kubrick, og då spesielt 2001: A Space Odyssey.

Verkliste[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]