Johann Strauss den yngre

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Johann Strauss den yngre
Johann Strauss II (3).jpg
Fødd 25. oktober 1825
Neubau
Død

3. juni 1899
Wien

Instrument

fiolin

Sjanger opera, klassisk musikk, operette, populærmusikk, instrumentalmusikk
Yrke komponist, dirigent

Johann Baptist Strauss den yngre (25. oktober 18253. juni 1899) var ein austerriksk komponist, dirigent og fiolinist.

Han er kjend som «valsekongen» og var meisteren til den leitte musikken - valsane hans er melodiøse og sjarmfulle. Men om han er mest kjent for sina wienervalsar, bestod livsverket òg av andre komposisjonar, blant anna fjorten operettar og fleire polkaer.

Liv og virke[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunn[endre | endre wikiteksten]

Han var eldste son av orkesterleiaren og komponisten Johann Strauss den eldre. Dei yngre syskena var Josef (f. 1827), Anne (f. 1829), Therese (f. 1831), Ferdinand (f. 1834, død same år), og Eduard (f. 1835).

Som barn tok han fiolintimar i løyndom mot faren sin vilje, og allereie seks år gammal komponerte han sin første vals. I 1842 forlét faren hans familien for Emilie Trampusch. Etter dette kunne Johann Strauss d.y. via seg til musikkstudium for alvor.

Musikar og komponist[endre | endre wikiteksten]

Som 19-åring i 1844 stifta Strauss sitt eige danseorkester, og då faren døydde i 1849, slo han saman sitt eige orkester med det til faren. Han gjorde suksess med orkesteret i Wien med konsertar i Volksgarten og på utenlandsturnear.

Strauss gifta seg i 1862 med Jetty Treffz, den første av i alt tre koner.

Under USA-turneen i 1872 dirigerte han 20 000 songarar og 10 000 musikarar i Boston. Framgangen hans i USA spelte ei stor rolle for utviklinga av stilen til filmmusikalen og populærmusikken på 1900-talet. Valsane som vart komponert til dei mange ballsalane, kafeane og parkane i byen var med på å gjera valsen til favorittdansen i heile verda.

Den best kjende valsen til Strauss er «An der schönen blauen Donau» (1867). Denne er eit fast innslag ved den årlege Nyttårskonserten i Wien, som vert kringkasta i heile Europa. Ein annan berømt vals er «Rosa aus dem Süden». Av operettane hans kan nemnast Die Fledermaus (Flaggermusen, 1874), Der Zigeunerbaron (Sigøynerbaronen, 1885) og Wiener Blut (1899). Sistnemnde er ein kompilasjon bygd på Strauss sine melodiar, og vart uroppført etter at han døydde.

Minnesmerke i Stadtpark i Wien.

Verk[endre | endre wikiteksten]

Operettar[endre | endre wikiteksten]

  • 1871 – Indigo und die 40 Räuber
  • 1873 – Der Karneval in Rom
  • 1874 – Die Fledermaus (Flaggermusen)
  • 1875 – Cagliostro in Wien
  • 1877 – Prinz Methusalem
  • 1878 – Colin-maillard
  • 1880 – Das Spitzentuch der Königin
  • 1881 – Der lustige Krieg (Den lystige krigen)
  • 1883 – Eine Nacht in Venedig (Ei natt i Venedig)
  • 1885 – Der Zigeunerbaron (Sigøynerbaronen)
  • 1887 – Simplicius
  • 1895 – Waldmeister
  • 1897 – Die Göttin der Vernunft
  • 1899 – Wiener Blut

Opera[endre | endre wikiteksten]

  • 1892 – Ritter Pasmán

Valsar og polkaer (utval)[endre | endre wikiteksten]

  • 1854 – Napoleon-Marsch, marsj
  • 1858 – Tritsch-Tratsch-Polka, polka schnell
  • 1861 – Perpetuum mobile, polka
  • 1863 - Morgenblätter, vals
  • 1867 – An der schönen blauen Donau, vals
  • 1867 – Künstlerleben, vals
  • 1868 – Geschichten aus dem Wienerwald, vals
  • 1869 – Wein, Weib und Gesang, vals
  • 1873 – Wiener Blut, vals
  • 1880 – Rosa aus dem Süden, vals
  • 1883 – Frühlingsstimmen, vals
  • 1889 – Kaiserwalzer, vals

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]