2S1 Gvozdika

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
(Omdirigert frå 2S1 Gvosdika)
Hopp til navigering Hopp til søk

2S1 Gvosdika er eit russisk/ukrainsk sjølvdreve 122 mm haubits.

Chasisset til 2S1 Gvosdika er basert på MT-LB pansra personellkøyretøy og utstyrt med ein 2A31 122 mm haubits, som er ein modifisert variant av haubitseren D-30, i eit lukka tårn. Utviklinga av 2S1 vart sett i gang på slutten av 60-talet. Produksjonen byrja i 1971 og dei første eksemplara vart operative i 1973. I 1974 vart 2S1 kjent i Vesten, og den fekk nemninga M1974 av NATO.


2S1 Gvozdika.jpg

Skildring[endre | endre wikiteksten]

Skroget er båtforma og relativt stort for å gje nok oppdrift for å gjera 2S1 amfibisk. Belta vert brukt for framdrift i vatn og gjev ein fart på opptil 4,5 km/t. Førarplassen er plassert fremst til høgre og føraren er fysisk isolert frå resten av mannskapet med kontakt berre over det interne sambandet. Motoren er plassert rett bak og til venstre for føraren. Haubitseren er plassert i eit elektrisk drive tårn bak på skroget. Tårnet, som romar 3 av mannskapet, har ein låg profil og kan dreiast 360°. Drivverket er utstyrt med pneumatiske støtdemparar som òg kan brukast til å senka eller hevde køyretøyet avhengig av terreng og er utstyrt med belte med ei breidd på 40 cm, men kan ustyrast med belte med ei breidd på 67 cm for køyring i snø eller annan laus grunn. 2S1 er utstyrd med med eit system for vern mot Abc-våpen og nattsikter for føre og vognkommandør.

Hovedbestykningen er ein 122 mm 2A31 haubitsar, basert på ein standard D-30 felthaubits, som kan eleverast frå −3° til +70°. Ammunisjon inkluderer eksplosive proskjektiler med ei vekt på 21,72 kg, som er vogna sin standard ammunisjon og har ei rekkjevidde på opp til 15 300 m, ei holladning til bruk mot stridsvogner, lysgranatar, røykgranatar, kjemiske ladningar og eit rakettdrevet prosjektil med ei rekkjevidde på opptil 21 900 m.

Nytte og historie[endre | endre wikiteksten]

2S1 Gvosdika var i bruk av Sovjetunionen, og vart eksportert til Algerie, Angola, Bulgaria, Etiopia, Irak, Jugoslavia, Libya, Polen, Syria, Tsjekkoslovakia, Ungarn og Aust-Tyskland. Etter Sovjetunionens oppløysing var 2S1 òg i bruk i ei rekkje av dei tidlegare sovjetrepublikkane og ein del tidlegare østblokkland. Russland har framleis omkring 2 000 2S1 Gvosdika i bruk.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]