3M
3M | |
![]() | |
![]() | |
Selskapsform | børsnotert selskap ![]() |
---|---|
Skipa | 1902 |
Dotterselskap | 3M Innovative Properties, 3M (Canada), 3M (Israel), 3M (France), 3M (United Kingdom), 3M (Germany) ![]() |
Bransje | konglomerat, arbeidssikkerhet, daglegvare, forbruksvareindustri |
Land | USA ![]() |
Hovudkontor | Maplewood, St. Paul, Two Harbors, Saint Paul i Minnesota, Minnesota ![]() |
Tilsette | 88 667, 94 987 ![]() |
Resultat | 5 777 000 000 US-dollar ![]() |
3M Company (tidlegare Minnesota Mining and Manufacturing Company) er eit amerikansk verdsomspennande konsern som produserer over 55 000 ulike produkt, mellom anna limband, sandpapir, laminat, elektroniske krinsar og skjermar, og farmasøytiske produkt. Det er kanskje mest kjend for sin produksjon av Post-it.
Selskapet vart grunnlagd i Two Harbors i Minnesota i 1902 som eit gruveselskap.[1] Det vart så flytt til Duluth i Minnesota, der det produserte sandpapir, før det til slutt etablerte det noverande hovudkontoret sitt i Maplewood utanfor Saint Paul i 1910.[1] Blant dei første oppfinningane til selskapet var vassikkert sandpapir, maskeringtape, cellofantape (gjennomsiktig limband) og lyddempande materiale og Post-it oppfunne av 3M-forskaren Spencer Silver i 1968.
Kjelder[endre | endre wikiteksten]
- Denne artikkelen bygger på «3M» frå Wikipedia på bokmål, den 6. oktober 2018.