Duluth i Minnesota

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Duluth
by
Land  USA
Stat Minnesota
Fylke Saint Louis County
Areal 236,778437 km²
Folketal 86 697 (1. april 2020)[1]
Kart
Duluth i Minnesota
46°47′13″ N 92°5′53″ W
Wikimedia Commons: Duluth, Minnesota
Flagget til Duluths

Duluth er ein by i austre Minnesota, og hovudsete i St. Louis County. Byen ligg ved munningen av Saint Louis-elva ved vestspissen av Øvresjøen. Han er difor ein viktig hamneby for skipstrafikk på dei store innsjøane, med over 1000 skip årleg. På motsett side av elva som utgjer delstatsgrensa til Wisconsin ligg nabobyen Superior. Folketalsestimatet for 2004 sette innbyggjartalet i Duluth til 85 556; med forstader er folkesetnaden på rundt 184 000 innbyggjarar.

Malmhamn i Duluth ein stad mellom 1900 og 1915.

Området var først folkesett av sioux- og chippewafolk. Franskmannen Daniel Greysolon, Sieur du Lhut, gjorde krav på området for Frankrike i 1679, og byen er oppkalla etter han. Byen utvikla seg gjennom 1800- og 1900-talet, først basert på trua om koparførekomstar i området, etter kvart på grunnlag av skoghogst, industri og stålproduksjon. Folketalet nådde ein topp på 106 884 i 1960. Nedlegginga av stålfabrikken i 1971 skapte mykje arbeidsløyse og fråflytting, men opna opp for renovasjon av sentrum for å tiltrekkja turistar.

Duluth-greina av University of Minnesota er det største universitetet i byen, med litt over 10 000 studentar.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,0 1,1 1,2 1,3 https://data.census.gov/cedsci/table?t=Populations%20and%20People&g=0100000US,%241600000&y=2020; vitjingsdato: 1. januar 2022.