A Hat in Time

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Denne sida finst òg på høgnorsk — sjå «Hn/A Hat in Time».
A Hat in Time
Utviklar(ar)Gears for Breakfast
Utgjevar(ar)Humble Bundle
DistributørSteam, GOG.com, Humble Store, Nintendo eShop, Microsoft Store, PlayStation Store
Komponist(ar)Pascal Michael Stiefel
SpelmotorUnreal Engine 3
Plattform(er)macOS, Microsoft Windows, PlayStation 4, Nintendo Switch, Xbox One
Utgjeving2014
Sjangerplattformspel, action-eventyrspel, collect-a-thon
Spelemoduseinspelar, fleirspelar
AldersgrensePEGI 7
Nettstadhttp://hatintime.com/, https://www.gearsforbreakfast.com/games/a-hat-in-time/

A Hat in Time er eit plattform- og action-eventyrspel i 3D, utvikla av Gears for Breakfast og gjeve ut 5. oktober 2017 på Windows og macOS og to månader seinare på PlayStation 4 og Xbox One av Humble Bundle.[1][2][3][4] I oktober 2019 kom det ut på Nintendo Switch. Spelet er påverka av plattformspel som Super Mario 64, Banjo-Kazooie, Spyro the Dragon og Psychonauts, og vart bygt i Unreal Engine 3.[5][6] Det vart stødd gjennom ein Kickstarter-kampanje, og greidde å nå det dobbelte av dei opphavlege innsamlingsmåla etter dei fyrste to dagane.[7] Idéen til spelet vart fyrst tenkt ut av Jonas Kaerlev, grunna ein, på den tida, mangel på nye 3D-plattformspel, spesielt den typen spel som Nintendo pla å gjeva ut på 90-talet.

Handling[endre | endre wikiteksten]

I byrjinga av A Hat in Time møter spelaren Hat Kid (Hattungen), ei lita jente som er på veg heim frå ei reise med romskipet sitt. Ho kjem nær ein planet, som får mafiaen i planeten til å krevja skatt frå henne. Det neittar ho å betale, og med det røskar Mafia-mannen opp døra på romskipet. Hat Kid vert dregen ut av romskipet, saman med Mafia-mannen og mange av Time Piece-ane (magiske timeglas som er drivstoffet til skipet). Hat Kid landar i Mafia Town og møter Mustache Girl (Bartjenta). Mustache Girl skaper trøbbel i Mafia-byen, for di ho er imot «slemmingar». For at Mustache Girl skulle hjelpe Hat Kid med å leita etter timeglas, vil Mustache Girl at Hat Kid hjelper ho med å få bort Mafiaen frå øya, og slå sjefen. Når Mustache Girl finn ut at timeglasa kan draga tida attende, får ho idéen om å verta ein tidsreisande helt saman med Hat Kid. Dette vil ikkje Hat Kid, av di det kan føre store skadar på tidslaupet. Mustache Girl vert sint på Hat Kid, og går imot ho, for so å taka timeglas for seg sjølv. No må Hat Kid finne alle timeglasa før Mustache Girl gjer det, og koma seg heim.

Utvikling[endre | endre wikiteksten]

Utviklinga av spelet byrja i august 2012, med ei opphavleg planlagd utgjeving i andre kvartal i 2013, men vart sett på vent. I byrjinga var det berre Jonas Kærlev som utvikla spelet, men etter kvart voks gruppa, og kalla seg til slutt Gears for Breakfast, alt gjort heilt friviljug.

Inntrykk[endre | endre wikiteksten]

At Kickstarter-kampanjen for A Hat in Time ville enda opp å få eit so godt utfall som det gjorde, venta ikkje Kærlev eller Gears for Breakfast i det heile. Sjølv hadde Kærlev lite tru på at det kom til å verta særleg ettertrakta, mellom anna på grunn av påverknaden Donkey Kong 64 hadde på plattformsjangeren, som han oppfatta overvelda spelaren med altfor stor vekt på innsamling av ulike emne.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. «Update 67: ANNOUNCEMENT: A Hat in Time coming to PS4 and XBOX ONE this Fall! · A Hat in Time - 3D collect-a-thon platformer», Kickstarter (på engelsk), henta 16. april 2020 
  2. «Meet the Team | A Hat in Time», web.archive.org, 2. oktober 2015, arkivert frå originalen 2. oktober 2015, henta 16. april 2020 
  3. «Denmark studio opens Kickstarter for A Hat in Time», GameSpot (på engelsk), henta 16. april 2020 
  4. Humble Bundle Becomes a Games Publisher - IGN (på engelsk), henta 16. april 2020 
  5. Matulef, Jeffrey (16. november 2012), «A Hat in Time channels Wind Waker's aesthetic for a PC and Mac platformer», Eurogamer (på engelsk), henta 16. april 2020 
  6. Matulef, Jeffrey (16. november 2012), «A Hat in Time channels Wind Waker's aesthetic for a PC and Mac platformer», Eurogamer (på engelsk), henta 16. april 2020 
  7. «A Hat in Time winds up on Kickstarter, wakes memories of games gone by», Engadget (på engelsk), henta 16. april 2020 

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]