Aage Thor Falkanger

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Versjonen frå 22. juli 2010 kl. 09:56 av Kjetil r (diskusjon | bidrag) (bilete)
Aage Thor Falkanger (2010).
Foto: Justis- og politidepartementet

Aage Thor Falkanger, fødd 18. februar 1965 i Oslo, er ein norsk jurist og dommar i Høgsterett. Han blei utnemnd til høgsterettsdommar 12. februar 2010 [1], og tiltredde stillinga den 1. mai 2010.

Han tok juridisk embetseksamen i 1991. Han arbeidde deretter som advokatfullmektig hos Regjeringsadvokaten 1991-92, og var dommarfullmektig i Nord-Troms heradsrett 1992-94. Han var stipendiat ved Juridisk fakultet, Universitetet i Tromsø, 1995-99, og vart dr. juris i 1999. Han var lagdommar i Hålogaland lagmannsrett 1999-2007, og professor i jus ved Universitetet i Tromsø 2007-10. Han var konstituert dommar i Høgsterett i periodane april-juli 2007 og februar-juli 2009. Han var visiting fellow ved Cambridge University, Lauterpacht Centre of International Law, 2007-08.

Aage Thor Falkanger er son til professor i jus Thor Falkanger.

Kjelder

Aage Thor Falkanger hos domstol.no, vitja 14. juni 2010

Fotnotar