Aarau

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Aarau
Gamlebyen i Aarau
Gamlebyen i Aarau
Kommunevåpenet til Aarau
Kommunevåpenet til Aarau


Plassering
Aarau is located in
Styresmakter
Land Flag of Switzerland.svg Sveits
Kanton Aargau
Distrikt Aarau
Språk tysk
Borgarmeister Marcel Guignard
Geografi
Flatevidd
 - kommune

12,34 km²
Innbyggjarar
 - kommune (desember 2010)
   - folketettleik

19 652
  1 592,5 /km²
Koordinatar 47°24′0″N 8°03′0″EKoordinatar: 47°24′0″N 8°03′0″E
Høgd over havet 381 moh
Diverse annan informasjon
Nettstad: www.aarau.ch

Aarau er ein kommune i distriktet Aarau i kantonen Aargau i det nordlege Sveits. Kommunen har eit areal på 12,3 km2 og hadde 19 652 innbyggarar i 2010. Aarau er hovudstad i Aargau. Byen ligg ved elva Aare, 381 meter over havet. Aarau ligg 39 km søraust for Basel og 38 km vest for Zürich.

Byen er kjend som ein industri- og handelsby som lagar bjøller, matematiske instrument, elektroniske apparat, bomullstekstilar og kjemikaliar.

Aarau vart grunnlagt mellom 1240 og 1250 av grevane av Kyburg. År 1283 fekk staden byrettar av habsburgarane. Frå 1415 var byen Aarau ein vasallstad under byen og kantonen Bern. Etter innføringa av reformasjonen i 1528 var Aarau ein av dei byane som fekk sete til herredagen til det sveistsiske eidsforbundet. Frå mars til september 1798 var Aarau hovudstad i republikken Helvetia, og såleis den første hovudstaden i Sveits. Sidan 1803 har Aarau vore kantonshovudstad i Aargau.

Byen har ei rekke eldre bygningar, mellom anna den gamle reformerte kyrkja frå 1471. Rådhuset er frå 1200-talet, og mange bustadhus frå 1600- og 1700-talet.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Aarau