Aasulv Eivindson Lande

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Aasulv Eivindson Lande
Fødd21. mai 1862
Død31. mai 1954
NasjonalitetNoreg

Aasulv Eivindson Lande (21. mai 186231. mai 1954) var ein norsk lærar, gardbrukar og politikar frå Bygland i Aust-Agder som representerte partiet VenstreStortinget åra 1919-24.

Lande tok i 1884 lærareksamen ved Kristiansand seminar. Same året vart han tilsett lærar og kyrkjesongar i Bygland, stillingar han hadde til 1926. I 1900 tok han over og dreiv eit gardsbruk på Lauvdal i Bygland.

Frå 1898 til 1918 og på ny 1928-34 var Lande medlem i heradsstyret i Bygland, ordførar 1901-07 og 1910-18. Dessutan var han medlem i skulestyret, forliksrådet og jordstyret i Bygland. Ein treårsbolk var han formann i amtstinget i Aust-Agder. Her fekk han amtet til løyve pengar til omleggjinga av Setesdalsvegen og grunnlagd ein jordbruksskule i Bygland. Fåfengt stridde han mot planen om høgja reguleringsdammen i Byglandsfjorden.

Lande vart hausten 1918 vald til stortingsmann for Venstre og einmannskrinsen Sætersdalen, attvald tre år seinare, då frå Aust-Agder fylke. Begge tingperiodane var han medlem i kyrkje- og undervisningskomiteen. Perioden 1925–27 var han vararepresentant. I stortinget var han ein varm talsmann for skulen, nynorsken og for sosial rettferd. Han var i 1919 med om å etablere den nynorske dagsavisa Agder Tidend.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]