Abdul-Bahá

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Abdul-Baha

Abdul-Baha eller Abbas effendi (23. mai 184428. november 1921) var eldste sonen til bahaigrunnleggjaren Bahaullah, og blei utnemnd som ny leiar for trua då faren døydde i 1892.

Abdul-Baha blei fødd i Teheran natta til 23. mai 1844, same dagen som Ali Muhammad Shirazi, kjend som Baben, grunnleggjaren av babismen som var forløparen til bahai, tok til å forkynna.

Då Abdul-Baha var ni blei faren fengsla etter at nokre babiar hadde planlagd eit attentatsjahen. Han måtte seinare dra i eksil frå Persia, og familien følgde med til Bagdad før dei til slutt slo seg ned i Akko i noverande Israel.

ungtyrkarane skapte revolusjon i Det osmanske riket blei Abdul-Baha sleppt fri i 1908 og flytta frå Akko til Haifa ved Karmelfjellet, der han gravla leivningane til Baben. Dette er blitt ein viktig heilagdom for bahaiane. Dei påfølgjande åra reiste Abdul-Baha i Europa og Amerika for å spreia religionen sin.

78 år gamal døydde Abdul-Baha i Haifa. Den eldste dottersonen hans, Shoghi Effendi, blei utnemnd til beskyttar og leiar for det veksande bahaisamfunnet.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]