Abraham Laboriel jr.

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
(Omdirigert frå Abe Laboriel jr.)
Hopp til navigering Hopp til søk
Abraham Laboriel jr.
Show Paul McCartney São Paulo-26 de março de 2019 10.jpg
Fødd23. mars 1971 (51 år)
FødestadLos Angeles
OpphavUSA
Aktiv1980–
Sjangerrock
Instrumenttrommesett, gitar, bassgitar, vokal, bass
Verka sommusikar
FarAbraham Laboriel

Abraham Laboriel jr. (f. 1971), kjend som Abe Laboriel jr., er ein USA-amerikansk trommeslagar frå Los Angeles, son til bassgitaristen Abraham Laboriel sr., og bror til filmkomponisten og produsenten Mateo Laboriel.

Biografi[endre | endre wikiteksten]

I oppveksten fekk Laboriel jr. trening av perkusjonistar som Alex Acuña, Jeff Porcaro og Chester Thompson. Han studerte musikk ved Dick Grove School of Music og Hamilton High School, begge i Los Angeles før han flytte til Boston for å studera ved Berklee College of Music. Han vart uteksaminert herifrå i 1993.

Som trommeslagar har Laboriel jr. spelt med Steve Vai, Seal, Sting, k.d. lang og Paul McCartney. Sistnemnte spelte han med under pauseunderhaldninga i Super Bowl 2005, og han har spelt på dei fleste platene til McCartney sidan. Seinare har Laboriel spelt med Crystal Lewis, Shakira, B.B. King, Steven Curtis Chapman, Eric Clapton, Ashlee Simpson, LeAnn Rimes, Kelly Clarkson og Lady Gaga m. fl. I 2009 reiste Laboriel på turné med Eric Clapton og Steve Winwood. Laboriel spelte på utdelinga av Grammy-prisen 2011.[1]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Fotnotar