Sting

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Sting
Sting 2009 portrait.jpg
Sting i 2009 på premieren til Moon
Verkeleg namn Gordon Matthew Thomas Sumner
Fødd 2. oktober 1951 (66 år)
Wallsend i Northumberland i England
Instrument Vokal, bassgitar, kontrabass, mandolin, lutt, gitar, klaverinstrument, guitalele, munnspel, saksofon, obo, lirekasse, synclavier, trommemaskin, basspedalar, perkusjon
Sjanger Rock, pop, new wave, jazz, new-age, blue-eyed soul, reggae
Aktive år 1971 til i dag
Yrke Musikar, songar-låtskrivar, skodespelar, produsent
Tilknytte artistar The Police
Plateselskap A&M, Deutsche Grammophon, Universal Music Group
Nettstad www.sting.com
Kjende instrument
Fender Telecaster Bass
Steinberger L-2 Bass
Fender Precision Bass
Fender Jazz Bass
Ibanez Musikar Bass
Spector NS-2

Gordon Matthew Thomas Sumner (fødd 2. oktober 1951), betre kjend med artistnamnet Sting, er ein engelsk musikar, songar-låtskrivar, multi-instrumentalist, aktivist, skodespelar og filantrop. Han er mest kjend som låtskrivar, songar og bassist for det nyskapande new wave-rockebandet The Police og solokarrieren som følgde.

Sting har nytta mange musikkstilar, med element frå rock, jazz, reggae, klassisk, new-age og worldbeat, i musikken sin.[1] Som solomusikar og medlem av The Police har Sting fått 16 Grammyprisar for musikken sin, den første for beste rockeinstrumental i 1980, tre Brit Awards – mellom anna beste mannlege artist i 1994, ein Golden Globe, ein Emmy Award, og fleire Oscarnomniasjonar for beste song. Han vart innlemma i Songwrites Hall of Fame i 2002 og Rock and Roll Hall of Fame som medlem av The Police i 2003. I 2000 fekk han ei stjerne på Hollywood Walk of Fame. Han vart oppført på International Best Dressed List for best kledde mann i 2001.

Inkludert åra med The Police har Sting seld over 100 millionar plater verda over. I Storbritannia har hann fått sju platinaplater, tre gullplater og ei sølvplate, og i USA ni platinaplater og tre gullplater. I 2006 rangerte magasinet Paste han på 62. plass på lista deira over «100 beste nolevande låtskrivarar».[2] Han vart rangert på 63. plass på lista til VH1 over 100 største rockeartistar,[3] og 80. plass på lista til magasinet Q over dei 100 største musikkstjernene på 1900-talet.[4] Sting har òg samarbeidd med andre musikarar, som «Rise & Fall» med Craig David, «Money for Nothing» og den store hitten «All for Love» med Bryan Adams og Rod Stewart.

Diskografi[endre | endre wikiteksten]

The Police[endre | endre wikiteksten]

Solo[endre | endre wikiteksten]

Filmar[endre | endre wikiteksten]

Som skodespelar
Som seg sjølv

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Wikimedia Commons har multimedia som gjeld: Sting