Acerra
Utsjånad
Acerra | |||
by | |||
Land | ![]() | ||
---|---|---|---|
Region | Campania | ||
Provins | Napoli | ||
Areal | 54,71 km² | ||
Folketal | 58 322 (1. januar 2023) | ||
Postnummer | 80011 | ||
Retningsnummer | 081 | ||
![]() Acerra 40°57′00″N 14°22′00″E / 40.95°N 14.366666666667°E | |||
Wikimedia Commons: Acerra |
Acerra (latin Acerrae) er ein by i provinsen Napoli i regionen Campania i Italia med om lag 50 000 innbyggjarar. Han ligg om lag 20 km nordaust for Napoli.
Historie
[endre | endre wikiteksten]Acerra er ein av dei eldste byane i regionen og var truleg grunnlagd av oskarar med namnet Akeru. Han var den første byen i Den romerske republikken som fekk status civitas sine suffragio (332 fvt.).
Acerra vart øydelagd av Hannibal i 216 fvt., men bygd opp att 210 fvt.
Acerra var ein base for romarane under forbundsfellekrigen i 90 fvt..[1]
I juli 2005 vart det hevda at ein statue av Jomfru Maria i Peterskyrkja i byen flytta på seg og fekk ein rosa farge. [2]
Bakgrunnsstoff
[endre | endre wikiteksten]Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Denne artikkelen bygger på «Acerra» frå Wikipedia på engelsk, den 8. januar 2008.
Fotnotar
[endre | endre wikiteksten]- ↑ Canby, Courtlandt. The Encyclopedia of Historic Places. (New York: Facts of File Publicantions, 1984) s. 6
- ↑ http://news.bbc.co.uk/2/hi/europe/4717477.stm