Hopp til innhald

Act of Settlement 1701

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Kopi av Act of Settlement, som blei gjeven til Sophia av Hannover i Leineslottet i Hannover. Sidan 1701 er alle krav på den britiske trona basert på nedstamming frå Sophia av Hannover
Anne av Storbritannia med sonen prins Vilhelm, hertug av Gloucester. Dødsfallet hans i 1700 førte til innføringa av loven.

Act of Settlement er ein lov som blei vedteken av det engelske parlamentet i 1701, som slår fast at arvefølgja til den britiske trona og tronene i andre samveldestatar skal gå til protestantar, medan katolikkar er utelukka.[1][a]

Loven blei opphavleg vedteken berre i England, men etter unionen med Skottland i 1707 blei han utvida til å også gjelda her. Han er ein viktig del av konstitusjonen i Storbritannia og resten av samvelde-statane. Loven hadde direkte verknad på avsetjinga og fjerninga av etterkommarane til Karl I av England (bortsett frå det protestantiske barnebarnet hans, prinsesse, seinare dronning, Anne av Storbritannia). Den neste protestanten i rekkja til trona var kurfyrstinne Sophia av Hannover, eit barnebarn av av Jakob VI av Skottland og Jakob I av England. Etter henne kunne trona berre gå til ikkje-katolske arvingar.

Act of Settlement blei vedteken under kong Vilhelm III av England. Kongen var barnlaus, og kona hans Maria II av England var død i 1694, så den næraste arvingen til trona var systera til Maria, prinsesse Anne. Det einaste overlevande barnet til Anne døydde i 1700, og det var usannsynleg at ho ville få fleire. Bill of Rights 1689 hadde avgrensa arvefølgja til etterkommarane av Maria II og Anne, og ein trong derfor ein ny lov for å sikra protestantisk suksesjon til trona, og utelukka den avsette Jakob II av England og sonen hans, James Francis Edward Stuart.

I følgje loven var alle som var katolikkar, eller som gifta seg med ein, diskvalifiserte til å arva trona. Loven sette også avgrensingar for både rolla til utlendingar i styret av landet, og makta til monarken med omsyn til det engelske parlamentet. Nokre av desse føresegnene er blitt endra av seinare lovgiving. Act of Settlement og Bill of Rights 1689 er framleis dei viktigaste konstitusjonelle lovene som regulerer arvefølgja ikkje berre til den britiske trona, men også til trona i dei andre landa i Samveldet, anten det er ved antaking eller «Patriation» (særskilt for Canada).[2][3] Loven kan ikkje endrast i noko rike bortsett frå i parlamentet, og ved konvensjon, berre med samtykke frå alle dei andre rika, sidan ho rører var arvefølgja til den delte krona.[4]

Act of Settlement bestemde at den engelske trona skulle gå til kurfyrstinne Sophia av Hannover, eit barnebarn av Jakob I/VI av England og Skottland. Berre dei av etterkommarane hennar som var protestantar, og som ikkje hadde gifta seg med ein katolikk («papist»), kunne arva trona. Loven fastslår også at det er opp til parlamentet, og ikkje kongen, å bestemma kven som skal arva trona.

Ettersom ein tok høgd for at etterfølgjaren til Anne også ville regjera i Hannover, fastslo loven at parlamentet måtte samtykkja til alle krigar for å forsvara territorium som ikkje høyrde til den engelske krona. Loven var også grunnen til at England og Wales blei sameint i ein union med Skottland i 1707. Det skotske parlamentet var ikkje begeistra for Act of Settlement, og vedtok Act of Security i 1704, som gav Skottland rett til å velja sin eigen etterfølgjer etter dronning Anne. Då vedtok det engelske parlamentet at ein full union mellom landa var nødvendig før Anne var død, og klarte å oppnå dette med Acts of Union i 1707 . Som følgje av unionstraktaten blei Act of Settlement også skotsk lov.

Sophia døydde før Anne, og dermed var det sonen til Sophia, kurfyrst Georg Ludwig av Hannover, som etterfølgde Anne som britisk konge. Dermed kom det tyske fyrstehuset Hannover på den britiske trona. Huset blei sitjande på trona til og med dronning Victoria, som døydde i 1901, og blei etterfølgd av huset Sachsen-Coburg-Gotha, som ektemannen hennar Albert tilhøyrde.

  1. Loven fekk kongelig samtykke i 1701. Han er formelt datert til 1700 i offisiell bruk, slik som oppføringa for loven i den kronologiske tabellen over statuttane (Chronological Table of the Statutes), sidan lover vedtatt før Acts of Parliament (Commencement) Act av 1793 blei verksam og som er datert til året då den aktuelle parlamentssesjonen tok til, som i dette tilfellet var 1700.
  1. «Act of Settlement (1700)», Legislation.gov.uk
  2. «The Commonwealth», Royal.uk
  3. Toporoski, Richard (1998) «The Invisible Crown». Monarchy Canada. Toronto: Monarchist League of Canada (Sommer 1998). Arkivert fra originalen den 9. februar 2008.
  4. «The Statute of Westminster 1931», Legislation.gov.uk, The National Archives, 1931 c. 4

Litteratur

[endre | endre wikiteksten]
  • Somerset, Anne (2012): Queen Anne; the Politics of Passion. Harper. ISBN 978-0007203765.
  • Naamani Tarkow, I. (Desember 1943): «The Significance of the Act of Settlement in the Evolution of English Democracy», Political Science Quarterly. 58 (4): 537–561. doi:10.2307/2144947. JSTOR 2144947.
  • Stevens, Robert (2002): The English Judges. Oxford and Portland, Oregon: Hart Publishing. pp. 1–13. ISBN 1-84113-495-3.
  • Twomey, Anne (2011): «Changing the Rules of Succession to the Throne». Sydney Law School Legal Studies Research Paper. University of Sydney, Faculty of Law. 11 (71). SSRN 1943287.