Adam i Oman

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Koordinatar: 22°23′0″N 57°32′0″E
Adam
by
Land Flag of Oman.svg Oman
Guvernement Ad Dakhiliyah guvernement
Koordinatar 22°23′0″N 57°32′0″E
Folketal 17 283
Oman adm location map.svg
Locator Red.svg

Adam (arabisk skrift أدم) er ein by i Ad Dakhiliyah nordaust i Oman. Byen ligg 295 km frå Muscat langs vegen til Salalah. Han er den siste grøne oasen før ørkenen.

Historia til Adam går attende til førislamsk tid. Namnet «Adam» har fleire tydingar på arabisk, men mest truleg syner namnet til 'fruktbar mark'. Dei mest kjende stadane i Adam er Harrat Al Ain, Harrat al Bousaid, Harrat Al Hawashim og Harrat Bani Shiban, der ein har gjort fleire arkeologiske funn, og Harr Al Jamii, som er nyare.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]