Salalah
Salalah | |||
صلالة | |||
by | |||
Gate i Salalah
| |||
Land | ![]() | ||
---|---|---|---|
Muhafadha | Dhofar | ||
Koordinatar | |||
Folketal | 197 169 (2009) | ||
Tidssone | Oman standard time (UTC+4) | ||
![]() Salalah | |||
Wikimedia Commons: Salalah | |||
Nettstad: www.OMANet.om | |||
Salalah (arabisk صلالة, Ṣalālah) er ein by og regionssenter sør i Oman, i regionen Dhofar. I 2009 hadde Salalah 197 169 innbyggjarar.[1]
Salalah er den nest største byen i Oman og den største byen i Dhofar. Salalah er fødestaden til sultan Qaboos bin Said. Mange folk kjem frå andre stader av Oman og Golfstatane under Khareef-tida, som er frå juli til september.
Klimaet i regionen og monsunen gjer at ein kan dyrke noko grønsaker i området og frukt som kokosnøtt.
Historie[endre | endre wikiteksten]
Salalah var den tradisjoenlle hovudstaden i Dhofar, som nådde høgast velstande på 1200-talet på grunn av røykjelseshandelen. Seinare vart han mindre viktig og på 1800-talet vart han ein del av sultanatet Muscat. Frå 1932 til 1970 var Salalah hovudstaden i sultanatet Muscat og Oman, under Said bin Taimur. Då Taimur døydde, flytta sonen hans, Qaboos, hovudstaden til Muscat.
Sultanane i Oman har ofte heller budd i Salalah enn i Muscat, som er hovudstad og den største byen i Oman, men den noverande sultanen Qaboos, har snudd denne trenden og har budd i Muscat sidan han tok over trona i 1970. Han vitjar derimot Salalah ganske ofte for å møte lokale leiarar og stammefolk.
I 2011 var det fredlege demonstrasjonar i byen under den arabiske våren, som varte i mange månader. Demonstrantane bad om betre levevilkår, at somme ministrar burde gå av og opprettinga av islamske bankar.
Bydelar og forstader[endre | endre wikiteksten]
- Nye Salalah
- Aust-Salalah
- Vest-Salalah
- Al-Gantra
- Sør-Auqad
- Nord-Auqad
- Al-Haffa
- Dahariz
- Al-Saada (nord og sør)
- Sahlnoot
- Ittin
- Raysut
- Al Wadi
- Al Chouq
- Bysentrum
- Al Mughsayl
Klima[endre | endre wikiteksten]
Byen har eit heitt ørkenklima (Köppen si klimaklassifisering BWh), men somrane er ikkje like varme som i nord eller i innlandet av Oman. Salalah har ofte skya vêr under monsuntida frå juli til august, men sjølv då kjem det lite nedbør.
Klimadata for Salalah | |||||||||||||
---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|
Månad | Jan | Feb | Mar | Apr | Mai | Jun | Jul | Aug | Sep | Okt | Nov | Des | År |
Varmerekord °C | 32.3 | 33.8 | 36.7 | 43.6 | 42.3 | 43.0 | 32.7 | 31.3 | 33.0 | 40.1 | 37.4 | 34.2 | 43,6 |
Normal maks. temp. °C | 25.5 | 26.9 | 29.9 | 31.7 | 32.4 | 31.8 | 28.4 | 27.3 | 29.0 | 30.5 | 29.8 | 27.7 | 29,24 |
Døgnmiddeltemp. °C | 22.9 | 23.7 | 25.5 | 27.6 | 29.0 | 29.0 | 26.4 | 25.2 | 26.3 | 26.3 | 25.9 | 23.9 | 25,98 |
Normal min. temp. °C | 17.9 | 19.2 | 21.0 | 23.4 | 25.6 | 26.5 | 24.2 | 23.1 | 23.4 | 21.6 | 20.4 | 18.8 | 17,9 |
Kulderekord °C | 12.6 | 10.8 | 14.5 | 18.0 | 20.6 | 23.5 | 21.9 | 20.5 | 19.1 | 16.5 | 15.0 | 14.1 | 10,8 |
Nedbør (mm) | 2.2 | 7.0 | 6.3 | 19.8 | 17.1 | 10.6 | 24.6 | 24.5 | 4.1 | 4.1 | 9.6 | 1.1 |
|
% relativ fukt | 50 | 58 | 62 | 68 | 75 | 80 | 89 | 90 | 81 | 67 | 55 | 50 | 68,8 |
Normale månadlege solskinstimar | 289.6 | 256.8 | 297.6 | 308.3 | 335.1 | 199.5 | 43.9 | 42.4 | 188.0 | 314.7 | 304.7 | 296.8 | 2 877,4 |
Kjelde: NOAA (period of record varies, see source) [2] |
Økonomi[endre | endre wikiteksten]
APM Terminals, ein del av A.P. Moller-Maersk Group frå Danmark, driv hamna i Salalah, som er ei av dei største hamnene på Den arabiske halvøya. Hamna ligg sør for byen og er den største private sysselsetjaren i Dhofar. Salalah frisone like ved hamna har dukka opp som eit nytt senter for tungindustri i Midtauasten.
Idrett[endre | endre wikiteksten]
Salalah er heimbyen til somme av dei beste fotballaga i Oman. I alt er det fire idrettsklubbar i byen: Salalah Club, Al-Ittihad, Al-Nasr og Dhofar.
Dhofar F.C. vert kalla «Al-Zaeem» eller «Leiarane», fordi dei har ein enorm dominans i omansk fotball. Andre populære idrettar i Dhofar er volleyball og handball. Al-Nasr har òg hatt stor suksess innan fotball, og vunne den omanske ligaen fem gonger, og den nasjonale cupen fire gonger.
Salalah har i dag to stadion, Salalah Sports Complex og Al-Saadah stadion. Sistnemnde vert berre nytta til fotball.
Samferdsle[endre | endre wikiteksten]
Fly[endre | endre wikiteksten]
Salalah lufthamn har ruter til Muscat og somme regionale byar i Qatar, Kuwait, U.A.E, Bahrain og Saudi-Arabia. Oman Air, det nasjonale flyselskapet har fem daglege ruter mellom Salalah og Muscat, og to ruter til Dubai i veka. Qatar Airways har fire ruter i veka frå Salalah til Doha. Det finst òg ei rute i veka frå Kochi / Kozhikode (Calicut) & Thiruvananthapuram i India. Under monsuntida er det fleire vekentlege ruter til andre internasjonale destinasjonar, som Sverige.
Kollektivtrafikk[endre | endre wikiteksten]
Salalah har ikkje eit kollektivtrafikksystem innafor bygrensene. Men det går langdistansebussar dagleg frå Salalah til Haima, Muscat, Nizwa, Al-Buraimi, Dubai, Al-Ain, Al-Ghaydah, Al-Mukalla g Seiyun, i tillegg til PDO-stader som Marmul.
Andre former for transport i Salalah er taxiar.
Galleri[endre | endre wikiteksten]
Kjelder[endre | endre wikiteksten]
- Denne artikkelen bygger på «Salalah» frå Wikipedia på engelsk, den 4. juni 2016.
- Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene:
- ↑ «World Gazetteer: Şalālah – profile of geographical entity inkludert name variants». Archive.is. Arkivert frå originalen 2012-12-08. Henta 4. juni 2016.
- ↑ «Salalh Climate Normals». National Oceanic and Atmospheric Administration. Henta January 16, 2013.
Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]
- Salalah på omanet.om Arkivert 2010-08-25 ved Wayback Machine.
- Salalah - City of the Prophets Arkivert 2008-06-27 ved Wayback Machine.
- Hamna i Salalah
- Salalah frisone