Nizwa

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Koordinatar: 22°56′N 57°32′E
Nizwa
نزوى
by
Nizwa (7).jpg
Land Flag of Oman.svg Oman
Guvernement Ad Dakhiliyah guvernement
Høgd 492 moh.
Koordinatar 22°56′N 57°32′E
Areal 3 500 km²
Folketal 731 730 (2008)
Folketettleik 209 / km²
Tidssone Oman standard time (UTC+4)
Oman adm location map.svg
Locator Red.svg
Wikimedia Commons: Nizwa

Nizwa (arabisk نزوى) er den største byen i Ad Dakhiliyah guvernement i Oman og var tidlegare hovudstad i Oman. Nizwa ligg kring 140 km frå Muscat. Folketalet er rundt 700 000 innbyggjarar, inkludert dei to områda Burkat Al Mooz og Al Jabel Al Akhdar.

Nizwa er ein av dei eldste byane i Oman og var ein gong eit senter for handel, religion, utdanning og kunst. Jama-moskeen var tidlegare eit senter for islamsk utdannign. Nizwa var eit viktig møtepunkt ved foten av dei vestlege Hajarfjella. Byen ligg mellom frodige daddelpalmar, strategisk til mellom krossvegen mellom det indre av Oman og Muscat og dei nedre områda av Dhofar.

Namnesoge[endre | endre wikiteksten]

Historikarar er ikkje samde om opphavet til namnet på byen. Somme indikerer at namnet kjem frå det arabiske verbet som tyder «aleine».

Historie[endre | endre wikiteksten]

Nizwa var hovudstaden Oman på 500- og 600-talet evt. Med djupe røter i islam har Nizwa mange moskéar, som Sultan Qaboos Jama (fredagsmoskeen), So'al-moskeen frå 800-talet, Ash-Shawathinah-moskeen i Uqr og Ash-Sharja-moskeen.

Tidleg i 1950-åra vart eit stort, 400 år gammalt, rundt tårn i sentrum av byen bomba av britiske Royal Air Force, som vart henta inn for å assisterte den regjerande sultanen Said bin Taymour for å stoppe eit opprør leia av det indre imamatet Oman. Konflikten oppstod då det vart oppdaga olje i regionen.

Geografi og klima[endre | endre wikiteksten]

Nizwa er omringa av fjell på begge sider. Frå november til mars er klimaet relativt kjølig med temperaturar ned mot 10 ºC i desember. Om sommaren er klimaet heitt og tørt, med temperaturar opp mot 50 ºC i juli. Det kjem lite nedbør og det vesle som kjem er om vinteren.

Klimadata for Nizwa
Månad Jan Feb Mar Apr Mai Jun Jul Aug Sep Okt Nov Des År
Normal maks. temp. °C 21 26 31 35 39 40 42 41 38 34 27 23 33 1
Normal min. temp. °C 10 12 17 20 26 27 29.5 27 24 22 16 14 10
Nedbør (mm) 23 18 13 8 3 1 1 1 1 3 8 15
Kjelde: «Weather Underground and Weather Reports»

Turistmål[endre | endre wikiteksten]

Nizwa festning

Turistmål i byen er Nizwa festning, tradisjonelle marknader og Falaj Daris.

Falaj Daris er ein verdsarvstad og den største falajen eller tradisjonelle vatningssystemet i Oman. Det gjev vatn til plantasjar kring Nizwa.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]