Adipocytt

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gult feittvev i eit parafinsnitt

Adipocyttar eller feittceller, tidlegare kjent som lipocyttar, er dei cellene som utgjer feittvevet i kroppen, og som er spesialiserte på å lagra energi som feitt.

Kvitt feittvev og brunt feittvev, òg kjent som kvitt feitt og brunt feitt, utgjer dei to typane feittceller i kroppen. I nyare tid har ein funne ein variant av ljosbrune eller besje adipocyttar med eit genuttrykksmønster som skil seg frå det hjå kvite og brune adipocyttar.[1] Ein har òg funne eit rosa feittvev som truleg deltek i utviklinga av mjølkekanalar i kvinnebrystet.[2]

Typar[endre | endre wikiteksten]

Kvite feittceller[endre | endre wikiteksten]

Illustrasjon av kvitt feittvev og kvite feittceller

Kvite feittceller inneheld ein stor feittdråpe som er omfamna av eit cytoplasmelag. Cellekjerna er flat og ligg i ytterkanten. Ei typisk feittcelle er 0,1 mm i diameter, men somme kan vere dobbelt eller halvparten så store. Feittet som er lagra i cella er halvflytande og er samansett av triglyseridar og kolesterylester. Kvite feittceller skil ut ulike protein som verkar som adipokinar; til dømes resistin, adiponektin, leptin og apelin. Eit gjennomsnittleg vakse menneske har omkring 30 milliardar feittceller med ei vekt på 13,5 kg. Viss ein legg på seg vekt som vaksen, vil storleiken av feittcellene firedoblast før dei delar seg og aukar det absolutte talet på feittceller i kroppen.[3]

Brune feittceller[endre | endre wikiteksten]

Brune feittceller har ei polygonal form. Dei har ein monaleg cytoplasme, til skilnad frå kvite feittceller, og feittdråpar er spreidd gjennom heile cella. Cellekjerna er rund og plassert noko eksentrisk, men ikkje i ytterkanten. Den brune fargen kjem av dei mange mitokondriane som finst i cella. Brunt feitt, òg kjent som «babyfeitt», blir brukt av kroppen for å framkalle varme.

Avstamming[endre | endre wikiteksten]

Avstamminga av adipocyttar er uklår, men ein veit at preadipocyttar er udifferensierte fibroblastar som kan stimulerast for å forme adipocyttar. Mesenkymale stamceller kan differensiere til adipocyttar, bindevev, musklar eller bein. Laust bindevev er samansett av adipocyttar.

Uttrykket «lipoblast» blir brukt for å skildre prekursoren til ei vaksen feittcelle. Uttrykket «lipoblastom» blir brukt for å skildre ein svulst i denne celletypen.[4]

Endokrine funksjonar[endre | endre wikiteksten]

Adipocyttar kan omforma androgen til østrogen,[5] som er ei mogleg forklaring på kvifor undervekt og overvekt er risikofaktorar for ufrivillig barnløyse. Adipocyttar er òg ansvarlege for produksjon av hormonet leptin. Leptin er viktig i reguleringa av apetitt, og verkar som ein faktor i mettleikskjensla.[6]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Wu J, Bostrom P, Sparks LM, Ye L, Choi JH, Giang AH, et al. Beige adipocytes are a distinct type of thermogenic fat cell in mouse and human. Cell 2012; 150:366-76.
  2. White, brown and pink adipocytes: the extraordinary plasticity of the adipose organ. European Journal of Endocrinology (april 2014). Vitja 1. februar 2015.
  3. Pool, Robert (2001). Fat: fighting the obesity epidemic. Oxford [Oxfordshire]: Oxford University Press. ISBN 0-19-511853-7. 
  4. Hong, Ran; Choi, Dong-Youl; Do, Nam-Yong; Lim, Sung-Chul (2008). «Fine-needle aspiration cytology of a lipoblastoma: A case report». Diagnostic Cytopathology 36 (7): 508–11. 
  5. Nelson, Linda R.; Bulun, Serdar E. (2001). «Estrogen production and action☆». Journal of the American Academy of Dermatology 45 (3): S116–24. 
  6. Klok, M.D.; Jakobsdottir, S.; Drent, M.L. (2006). «The role of leptin and ghrelin in the regulation of food intake and body weight in humans: a review». The International Association for the Study of Obesity. obesity reviews 8 (1): 12–34.