Mangekant

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
(Omdirigert frå Polygon)
Femkanta polygon
Enkelt konkavt heksagon

Ein mang(e)kant eller ein polygon er ein geometrisk figur som består av ei mengd rette liner mellom like mange punkt i eit plan. Trekantar og firkantar er spesialtilfelle av mangekantar. Av særskilde mangekantar kan nemnast femkanten pentagrammet.

Areal[endre | endre wikiteksten]

Arealet av ein mangekant med hjørnekoordinatar (x1, y1), (x2, y2), ..., (xn, yn) bereknast frå:

½ · (x1y2x2y1 + x2y3x3y2 + ... + xny1x1yn)

Diagonalar[endre | endre wikiteksten]

Ei line som går mellom to punkt i mangekanten, men ikkje er ein del av mangekanten, blir kalla ein diagonal. Mengda diagonalar i ein mangekant er gjeven av:

der n er mengda punkt (eller hjørne) i mangekanten. For ein 12-kant:

Det er altså 54 diagonalar i ein mangekant med 12 hjørne