Adolphe Thiers

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Adolphe Thiers
Louis Adolphe Thiers 2.jpg
FøddMarie-Joseph-Louis-Adolphe Thiers
15. april 1797
Marseille
Død3. september 1877
Saint-Germain-en-Laye
NasjonalitetFrankrike
PartiOrléanistene
Yrkeadvokat, politikar, journalist, historikar, skribent
Utdanna vedLycée Thiers
Aix-Marseille-universiteta
EktefelleÉlise Thiers
MedlemAcadémie française
Det ungarske vitskapsakademiet
Académie des sciences morales et politiques
American Academy of Arts and Sciences
Accademia delle Scienze di Torino

Marie Joseph Louis Adolphe Thiers (16. april 17973. september 1877) var ein fransk historikar og statsleiar, fødd i Marseille.

Liv og gjerning[endre | endre wikiteksten]

Thiers var son til ein embetsmann. I 1821 flytta han til hovudstaden Paris og byrja arbeide som journalist. Her markerte han seg snart som ei av dei viktigaste opposisjonelle røystene og var seinare ein av grunnleggjarane av den liberale avisa 'Le National'. Med utgjevinga av historieverket Histoire de la Révolution française (1823-27) presenterte han eit nytt og meir positivt syn på den franske revolusjonen, ganske særleg av Napoleon Bonaparte.

I 1830 vart Thiers vald inn i det franske parlamentet og hadde sete i forsamlinga til 1851. Mellom 1832 og 1836 hadde han ei rad ministerpostar i regjeringa og var kortvarig fransk statsminister i seks månader i 1836 og åtte månader i 1840 under «borgarkongen» Ludvig Filip.

Etter Napoleon III sitt statskupp vart Thiers fengsla i 1851. Frå 1863 var Thiers den leiande i den liberal-konservative opposisjonen mot Napoleons regime.

Frå februar 1871 var Thiers fungerande statsleiar i Frankrike. I mai same året gav han ordre om at oppstanden under Pariskommunen skulle slåast ned, noko den prøyssiske kanslaren Otto von Bismarck støtta ved å sleppe fri 100 000 franske krigsfangar. Den 31. august same året vart Thiers den fyrste presidenten i den tredje franske republikken, ein posisjon han hadde fram til 1873. Som fransk president leidde han i 1871 delegasjonen som tok del i fredsforhandlingane med førnemnde Bismarck. Forhandlingane i Versailles, der dei tyske militære hadde hovudkvarter, førte fram til freden i Frankfurt og avslutta den fransk-prøyssiske krigen.

Thiers døydde i Saint-Germain-en-Laye.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]