Adveksjon

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Adveksjon er transport av skalare storleikar i eit vektorfelt. Eit døme på adveksjon kan vere transport av varme, fukt eller salinitet i hav eller atmosfæren, men alle substansar og storleikar kan advekterast i alle slags væsker. Adveksjon er ein viktig prosess i danninga av orografiske skyer og nedbør frå skyer. Adveksjon følgjer isobarflater og derfor i hovudsak horisontale. Adveksjonsoperatoren i høgde- (z) og trykkoordinatar (p) er:

\mathbf{v} \cdot \nabla = u \frac{\partial}{\partial x} + v \frac{\partial}{\partial y} + w \frac{\partial}{\partial z} = u \frac{\partial}{\partial x} + v \frac{\partial}{\partial y} + \omega \frac{\partial}{\partial p}.

der vektoren v og skalarane u og v er dei horisontale komponentane av straumen, w er den vertikale komponenten av straumen. x og y er den horisontale posisjonen, medan z er høgda.

Meteorologi[endre | endre wikiteksten]

I meteorologi og fysisk oseanografi viser adveksjon ofte til transport av ein storleik i atmosfæren eller havet, som varme, fukt eller salinitet. Meteorologisk eller oseanografisk adveksjon følgjer isobarflater og er derfor hovudsakleg horisontal. Adveksjon er viktig for danninga av orografiske skyer og nedbørsdanninga i skyer, som ein del av vasskrinslaupet.

Andre storleikar[endre | endre wikiteksten]

Adveksjonslikninga gjeld óg viss storleikar som vert advektert er representert av ein sannsynstettleiksfunksjon i kvart punkt. Å gjere rede for diffusjon vert derimot vanskelegare i slike tilfelle.

Sjå òg[endre | endre wikiteksten]