Agathon Bartholomæus Hansteen

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Agathon Bartholomæus Hansteen
Fødd 23. september 1812

Moss

Død 30. april 1895
Trondheim

Agathon Bartholomæus Hansteen (23. september 181230. april 1895) var ein norsk politikar, ordførar og stortingsmann.

Hansteen vart fødd i Moss, faren arbeidde i tolletaten. Han gjekk ut frå Kristiania skole i 1830 og tok ex. phil. året etter, før han tok teologisk eksamen i 1836.

Den 25. oktober 1837 vart Hansteen adjunkt i Trondheim. Han vart utnemnd til sokneprest i Mo i Rana den 17. august 1843 og ordinert same året. Den 18. september 1852 vart han prost i Nordre Helgeland prosti. Hansteen var kjend som ein mild og lite autoritær prest. Lensmannen i Mo i Rana omtala han som ein «i enhver henseende begavet prest, en rettlinjet karakter og en interessert kommunemann».

Hansteen var ordførar i Rana i fire år og sidan stortingsrepresentant i 1851 og 1854. Han døydde i 1895, 83 år gamal.

Hansteen vart første gong gift den 7. august 1844 med Adolphine Frederikke Dreyer (1820–1845) og deretter med Alette Schjelderup den 25. februar 1852.