Ordinasjon

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Katolsk ordinasjon av tre prestar i Hildesheimerdomen

Ordinasjon, av latin ordinare av ordo, 'orden', er i ein del kristne kyrkjer den formelle innsetjinga av ein diakon, prest eller biskop. Nokre kyrkjer reknar ordinasjonen som eit sakrament. Det følgjer då gjerne ein spesiell status, slik at berre ordinerte kan utføre visse oppgåver, som til dømes feiring av nattverd. Andre kyrkjer har ordinasjon som ein kyrkjeleg seremoni utan sakramental status.

I Den norske kyrkja vert neminga ordinasjon bruka utelukkande om vigsling til presteteneste. Kateketar og diakonar vert vigsla til teneste gjennom andre vigslingsritual.

Ortodoks ordinasjon[endre | endre wikiteksten]

I ortodokse kyrkjer er ordinasjonen eit sakrament. Berre biskoper kan ordinere, og berre menn kan motta ordinasjonen.

Det finst to mindre ordinasjonar, til lektor og subdiakon. Dei som mottek ein eller begge av desse ordinasjonane, vert ikkje rekna med til kleresieit.

Gifte menn kan ordinerast til diakon eller prest, men ordinerte menn kan ikkje gifte seg. Berre ugifte vert ordinerte til biskop.

Ortodokse kyrkjer anerkjenner ikkje ordinasjon frå andre kyrkjer på ein generell basis, men har i einskildhøve anerkjent katolsk ordinasjon når ein prest eller diakon har konvertert.

Katolsk ordinasjon[endre | endre wikiteksten]

Den katolske kyrkja reknar ordinasjon som eit sakrament. Som i ortodokse kyrkjer kan berre biskopar ordinere, og berre menn kan motta ordinasjonen. Det vert rekna som eit pregande sakrament, slik at ein berre kan motta ordinasjon éin gong for kvar av gradane, og slik at det ikkje er mogleg å reversere ordinasjonen. Ein prest som vert avsett sluttar dermed ikkje å vere prest, men vert berre fråteken retten til å fungere i embetet.

Det finst to typar diakonvigsel: Til permanent diakon, eller til mellombels diakon som eit skritt på veg mot prestevigselen.

I utgangspunktet kan berre ugifte menn ordinerast i den romersk-katolske-kyrkja. Det er to unntak frå dette: Gifte menn kan ordinerast som permanente diakonar, og gifte prestar i ein anna kyrkje, som ikkje har gyldig ordinasjon etter katolsk sakramentsteologi, kan ordinerast dersom dei konverterer til katolisismen og ynskjer å verte katolske prestar. I dei orientalske katolske kyrkjene]kan gifte menn ordinerast, men ordinerte menn kan ikkje gifte seg. Berre ugifte kan verte ordinerte til biskop.

Den katolske kyrkja godtek ordinasjon frå ortodokse kyrkjer somme mindre kyrkjer som har brote ut frå den katolske. Krava er at dei har motteke sakramental ordinasjon frå ein biskop som står i apostolisk suksesjon.

Anglikansk ordinasjon[endre | endre wikiteksten]

I den anglikanske kyrkja varierer haldninga til ordinasjon. Blant høgkyrkjelege, og spesielt anglokatolikkar, er ordinasjonen rekna som eit sakrament. Blant dei meir lågkyrkjelege reknar ein det som ein kyrkjeleg seremoni utan sakramental status.

Både menn og kvinner kan ordinerast i dei fleste anglikanske kyrkjene, men det er vanleg at forsamlingane kan nekte å ta imot ein kvinneleg sokneprest. Det pågår ein debatt om i kva grad kvinner kan ordinerast som biskopar.

Luthersk ordinasjon[endre | endre wikiteksten]

I lutherske kyrkjer reknast ordinasjonen ikkje som eit sakrament, men vert praktisert som ein kyrkjeleg seremoni, først og fremst ein forbønshandling. I mange er det berre ordinerte prestar som kan forrette nattverd. Dette gjeld blant anna Den norske kyrkja, som har signert ein avtale om dette (Porvoo-avtala), men til tider vert det tillate teologistudentar og vikarprestar å forrette nattverd.

Ordinasjon er i Den norske kyrkja vigsling til presteteneste. Seremonien vert leidd av ein biskop. Før ordinasjonen skal biskopen gjennom samtale ha funne kandidaten skikka for presteteneste.[1]

Unitarisk ordinasjon[endre | endre wikiteksten]

Unitarkyrkjene verda over har ulike ordinasjonsriter, men vert felt for alle er stadfestinga av det indre og ytre kall. For kristenunitariske kyrkjer kjem dette til uttrykk i biskopens liturgiske forbønshandling for han som skal ordinerast. Ordinasjonen er altså ikkje eit sakrament.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]