Aglapsvik

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Aglapsvik
stad
Land Flag of Norway.svg Noreg
Fylke Troms
Kommune Lenvik
Postnummer 9300 FINNSNES
Preposisjon I Aglapsvik

Aglapsvik
69°27′46″ N 18°12′40″ E

Aglapsvik er ei lita bygd ved Malangen lengst nord på Lenvikhalvøya i Troms. Staden ligg i Lenvik kommune, 35 km nordom Finnsnes, og har fått namnet sitt etter fjellet Aglapen. Bygda ligg ved Fylkesveg 263. Aglapsvik har postadresse 9300 Finnsnes og ligg i Kårvik skulekrins. Aglapsvik har daglege bussavgangar til Finnsnes. Tennskjær, som ligg 4 km lenger nordaust har dessutan snøggbåtsamband med Tromsø 5 dagar i veka.

Det er eit relativt nybyggd grendehus i Aglapsvik. Like ved er det eit populært friluftsområde med den flotte sandstranda i Sørvika.

Denne artikkelen byggjer på «Aglapsvik» henta frå Wikipedia på bokmål 2. juli 2007.