Agnar Mykle

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Agnar Mykle
Portrett av Agnar Mykle, 1956.jpg
Fødd 8. august 1915
Trondheim
Død

15. januar 1994
Asker

Yrke forfattar, dokkespelar, skribent
Born Arne Bust Mykle
Agnar Mykle på Commons

Agnar Mykle (8. august 191514. januar 1994) var ein norsk skjønnlitterær forfattar fødd i Trondheim, død i Asker, der han budde då.

Karriere[endre | endre wikiteksten]

Mykle vart fyrst og fremst kjend for romanen Sangen om den røde rubin (1956). Det vart reist rettssak mot han og forlaget, og romanen vart forboden i 1957. Grunnlaget for forbodet var det samtida tolka som provoserande skildringar av seksualitet og erotikk. Nokre oppfatta romanen som pornografisk. Ei anke til Høgsterett førte til at Mykle vart frifunnen.

Bøkene til Mykle har vorte kritisert for å ha persongalleri og handling som låg tett opp til forfattaren sitt eige liv. Karakteren Ask Burlefot, ein ung mann, er ein person i mange av romanane. Han vert framstilt som ein rastlaus, frustrert og søkjande ungdom. Sangen om den røde rubin handlar om den unge studenten Ask Burlefot i åra som student ved Noregs Handelshøgskule i Bergen. I romanen vert dei personane Ask møter på inngåande skildra. Mykle tok sjølv utdanning til siviløkonom ved den same høgskulen. Mange i Bergen meinte å kjenna seg att i boka.

Salet vart stort i Noreg. Endå større vart salet av Mykle på engelsk. Kritikkane var eineståande gode. Men Mykle var etter rettssaka ein utstøytt, einast forsvart av forfattarane Eystein Eggen og Dag Solstad. Mykle var sterkt oppteken av inntektsskilnaden mellom forfattar og forleggar, og hadde dessutan eit anstrengt forhold til likningssjefen i Asker, som han sende fleire brev til med klage over at han ikkje fekk godteke frådragspostar. Han isolerte seg i den siste perioden av livet, og gav ikkje ut bøker, men etterlét seg bunker med manuskript då han døydde.

Mykle vann Gyldendals legat i 1954.

Utgjevingar[endre | endre wikiteksten]

Agnar Mykle debuterte i 1948 med novellesamlinga Taustigen. Andre arbeid inkluderer Jeg er like glad sa gutten (noveller, 1952), Kors på halsen (noveller, 1958), Largo (noveller, 1967), Tyven, tyven skal du hete (roman, 1951), Lasso rundt fru Luna (roman, 1954), Sangen om den røde rubin (roman, 1956) og Rubicon (roman, 1965).

Romanar[endre | endre wikiteksten]

  • Tyven, tyven skal du hete, 1951
  • Lasso rundt fru Luna, 1954
  • Sangen om den røde rubin, 1956
  • Rubicon, 1965

Noveller[endre | endre wikiteksten]

  • Taustigen, 1948
  • Jeg er like glad sa gutten, 1952
  • Kors på halsen, 1958
  • Largo, 1967

Litteratur[endre | endre wikiteksten]

  • Eggen, Eystein: Agnar Mykle : en dikterskjebne, Oslo 1994. ISBN 82-03-26046-2 Ei augevitneskildring frå det året Mykle døde.
  • Fuglestad, Roger 1999: Intet skal trekkes fra i min myte : Agnar Mykles novelleforfatterskap : en analyse av utvalgte temaer i noen noveller Hovedoppgåve i nordisk språk og litteratur - Universitetet i Oslo, 1999.
  • Heger, Anders: Mykle. Et diktet liv (Gyldendal, 1999). ISBN 82-05-26492-9 ib.82-7350-520-0 Biografi om Mykle
  • Heger, Anders: «Men landet er Norge-» : prosessen mot Agnar Mykle 1956-58, Oslo 1985. ISBN 82-05-16436-3
  • Larsen, Leif Johan 2001: Mønsteret og meningen : Agnar Mykles romaner om Ask Burlefot. Trondheim : Institutt for nordistikk og litteraturvitenskap, Det historisk-filosofiske fakultet, Norges teknisk-naturvitenskapelige universitet, 2001.
  • Nilsen, Robert 1971: Kritikerreaksjoner på Agnar Mykles bøker. Hovedoppgåve i nordisk - Universitetet i Oslo, 1971.
  • Schjødt, Annæus 1958: Saken om den røde rubin : en hvitbok. Oslo : Gyldendal, 1958.
  • Ystaas, Torunn 1977: Mannsrolle og kvinnesyn hjå Agnar Mykle : ein studie i personlegdomsforming i Lasso rundt fru Luna og Sangen om den røde rubin. Oslo : Gyldendal, 1977.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]