Ago Markvardt

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Ago Markvardt
Fødd 11. august 1969
Elva i Estland
Yrke kombinertløpar

Ago Markvardt (fødd 11. august 1969 i Elva i Estland) er ein tidlegare sovjetisk/estisk kombinertløpar.

Under OL i 1994Lillehammer låg Markvardt på andreplass etter hopprennet, men fall ned på femteplassen etter langrennet. Saman med Allar Levandi og Magnar Freimuth kom det estiske laget på fjerde plass i lagkonkurransen.

I 1997 gjekk Markvardt igjen glipp av ein medalje ved ein internasjonal meisterskap, då han vart nummer 4 i normalprogrammet under verdsmeisterskapen i Trondheim.

Det beste resultatet til Markvardt i ei verdscupøving var ein åttandeplass i 1994 i Trondheim, ei plassering han tangerte i 1996 i Lahti.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]