Ai coração

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
«Ai coração»
Song av Mimicat

Land Portugal
Språk Portugisisk
Utgjeve 27. januar 2023
Sjanger Pop, folk, revy
Lengd 02:54
Selskap Sony Music Entertainment
Komponist Mimicat
Låtskrivar(ar) Marisa Mena, Luís Pereira

«Ai coração» (norsk omsetjing ‘åh, hjarte’) er ein song frå 2023 som blir framført av den portugisiske songaren og låtskrivaren Mimicat. Songen er komponert av Mimicat sjølv, saman med Luís Pereira. Songen vann den portugisiske songtevlinga Festival da Canção 2023 og var det portugisiske bidraget i Eurovision Song Contest 2023.[1][2]

Om songen[endre | endre wikiteksten]

«Ai coração» er skriven av Marisa Mena, kjend under artistnamnet Mimicat. Ho skreiv han saman med Luís Pereira. «Ai coração» var ein av deltakarlåtane i den portugisiske songtevlinga Festival da Canção 2023, der vinnaren fekk representere Portugal i Eurovision Song Contest 2023. Songen blei stadfesta som eit av bidraga i Festival da Canção 19. januar 2023 og gjeven ut på den offisielle YouTube-kanalen til Festival da Canção saman med dei andre bidraga.[3]

«Ai coração» deltok i den fyrste semifinalen 25. februar 2023 og kvalifiserte seg til finalen laurdag 11. mars samme år. Songen vann deretter finalen etter å ha vunne både jury- og telefonavrøystinga. Gjennom sigeren fekk låten representere Portugal i Eurovision Song Contest.

Eurovision Song Contest[endre | endre wikiteksten]

Portugal deltok i den fyrste semfinalen tysdag 9. mai i Liverpool. Der enda «Ai coração» på en niandeplass i semifinalen, og kvalifiserte seg til finalen laurdag 13. mai.[4] I finalen fekk låten 59 poeng og blei nummer 23 av 26 finalistar.[5]

Listeplasseringar[endre | endre wikiteksten]

Liste (2023) Høgaste
plassering
 Litauen (AGATA)[6] 34
 Portugal (AFP)[7] 76

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. «Mimicatwins 'Festival da Canção' in Portugal». eurovision.tv (på engelsk). 12. mars 2023. Henta 22. mars 2023. 
  2. Davies, Megan (12. mars 2023). «Portugal: Mimicat To Eurovision 2023». Eurovoix (på engelsk). Henta 22. mars 2023. 
  3. Granger, Anthony (19. januar 2023). «Portugal: Festival da Canção 2023 Participants & Songs Revealed». Eurovoix (på engelsk). Henta 22. mars 2023. 
  4. «Eurovision2023: Allocation Draw results». eurovision.tv (på engelsk). 31. januar 2023. Henta 22. mars 2023. 
  5. «GrandFinal of Liverpool 2023 - Eurovision Song Contest». eurovision.tv. Henta 18. mai 2023. 
  6. «202320-os savaitės klausomiausi (Top 100)» (på litauisk). AGATA. 19. mai 2023. Henta 19. mai 2023. 
  7. «Mimicat– Ai coração». portuguesecharts.com. Portuguesecharts.com. Henta 8. mai 2023.