Mimicat

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Mimicat

Fødd25. oktober 1985 (38 år)
FødestadCoimbra
AliasMimicat, Izamena
OpphavPortugal
Aktiv2014–
Sjangerpop
Instrumentvokal
Verka somsongar

Marisa Isabel Lopes Mena (fødd 25. oktober 1984 i Coimbra i Portugal), kjend under artistnamnet Mimicat, er ein portugisisk songar og låtskrivar innan pop og soulmusikk.[1] Ho vann den portugisiske songtevlinga Festival da Canção i 2023 og representerte Portugal i Eurovision Song Contest 2023 i Liverpool med låten «Ai coração».

Bakgrunn[endre | endre wikiteksten]

Mimicat på scena under Eurovision Song Contest 2023 i Liverpool.

Mena har vore oppteken av musikk sidan barndommen og lærte å syngje og komponere på eiga hand allereie som barn.[2][3] Som femtenåring i 2001 deltok ho i Festival da Canção, den portugisiske uttakinga til Eurovision Song Contest. Ho deltok under artistnamnet Izamena med songen «Mundo colorido», men kvalifiserte seg ikkje til finalen.[4]

I 2014 gav Mimicat ut sitt fyrste album, For You, på Sony Music Portugal. Singelen «Tell Me Why» blei seinare ein del av lydsporet til såpeoperaen Jardins proibidos. Ho hadde turné for albumet, både i Portugal og Brasil. Sidan 2015 har ho også opptredd på ulike festivalar i Portugal og Brasil.

Oppfølgjaralbumet Back in Town følgde i 2017. Ho gav ut sin fyrste song på portugisisk i 2019, songen «Até ao fim», ei hylling til foreldra hennar som då hadde vore kjærastar i 50 år.[5][6] Etter å ha fødd sitt fyrste barn, gav ho ut singelen «Tudo ao ar» i 2021.[5]

I 2023 deltok Mimicat på nytt i Festival da Canção, i regi av den portugisiske kringkastaren RTP. Ho deltok med songen «Ai coração», og vann finalen laurdag 11. mars. Ho fekk dimed representere Portugal i Eurovision Song Contest 2023 i Liverpool, der ho enda på 23. plass av 26 finalistar.[7]

Bidraget «Ai coração» (‘åh, hjarte’) skreiv ho i 2014, då ho komponerte låtar til det fyrste albumet sitt. Låten er inspirert av kabaretsongar frå 1940- og 50-talet, og passa ikkje med lydbiletet på albumet.[5][6]

Diskografi[endre | endre wikiteksten]

Album[endre | endre wikiteksten]

  • For You (2014)
  • Back in Town (2017)

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. «Casada Música - Mimicat». www.casadamusica.com (på engelsk). Arkivert frå originalen 12. mars 2023. Henta 13. mars 2023. 
  2. NDR. «Mimicatzeigt für Portugal Herz mit "Ai coração"». www.eurovision.de (på tysk). Henta 13. mars 2023. 
  3. «Mimicat». eurovision.tv (på engelsk). Henta 18. mai 2023. 
  4. «Sabia que Mimicat já esteve no Festival da Canção?» (på portugisisk). 10. november 2022. Henta 13. mars 2023. 
  5. 5,0 5,1 5,2 Cipriano, Rita. «Mimicat, a "underdog", vence o Festival da Canção com uma música composta há dez anos». Observador (på portugisisk). Henta 13. mars 2023. 
  6. 6,0 6,1 «Mimicat: ″Tentei desistir da música, mas a música foi mais forte″». www.jn.pt (på portugisisk). Henta 13. mars 2023. 
  7. «GrandFinal of Liverpool 2023 - Eurovision Song Contest». eurovision.tv. Henta 18. mai 2023.