Aijā

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
«Aijā»
Song av Sudden Lights

Land Latvia
Språk Engelsk og latvisk
Utgjeve 27. januar 2023
Sjanger Indierock
Lengd 03:01
Selskap Gjeven ut på eige forlag
Låtskrivar(ar) Andrejs Reinis Zitmanis, Kārlis Matīss Zitmanis, Kārlis Vārtiņš, Mārtiņš Matīss Zemītis

«Aijā» (norsk omsetjing ‘kom igjen’) er ein indierocklåt med det latviske bandet Sudden Lights. Songen blei gjeven ut 27. januar 2023 og var det latviske bidraget til Eurovision Song Contest 2023 i Liverpool.[1][2][3]

Om songen[endre | endre wikiteksten]

«Aijā» er skriven av bandet sjølv, og blei skriven med formål om å vere ein slags voggesong.[4] I eit intervju uttalte bandet at songen skal distrahere lyttaren og få dei til å gløyme «alt det vonde som skjer i verda».[4] Målet er også at sjåarane og lyttarane skal oppleve framføringa av songen som ein «rockekonsert på scena».[5] Songen har engelsk tekst, med eit avsluttande vers på latvisk.

«Aijā» var eit av bidraga i den latviske songtevlinga Supernova 2023, i regi av den latviske kringkastaren LTV. Vinnaren fekk representere Latvia i Eurovision Song Contest. Songen vann finalen laurdag 11. februar 2023 og blei med det det latviske bidraget til Eurovision Song Contest 2023 i Liverpool i Storbritannia.[6] Latvia deltok i den fyrste semifinalen tysdag 9. mai 2023. Der enda «Aijā» på ellevteplass, berre 3 poeng bak tiandeplassen. Sidan låten ikkje blei blant dei ti beste, kvalifiserte han seg ikkje til finalen laurdag 13. mai.[7][8]

Listeplasseringar[endre | endre wikiteksten]

Liste (2023) Høgaste
plassering
 Latvia (LAIPA)[9] 3
 Latvia Domestic Airplay (LAIPA)[10] 3

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Matamis, Apostolis (27. januar 2023). «Sudden Lights:"We want the audience to have the feeling of a rock concert" | Exclusive Interview». Eurovision News | Music | Fun (på engelsk). Henta 15. februar 2023. 
  2. Veen, Renske ten (11. februar 2023). «Sudden Lights win Supernova final and will represent Latvia at Eurovision 2023 with "Aija"». wiwibloggs (på engelsk). Henta 15. februar 2023. 
  3. «Latvia: 'Supernova' victory for Sudden Lights with 'Aijā'». eurovision.tv (på engelsk). 11. februar 2023. Henta 15. februar 2023. 
  4. 4,0 4,1 Dibben, Jazzi (26. januar 2023). «Sudden Lights: “It’s the lullaby that we sing to ourselves and all the people listening to our song!». That Eurovision Site (på engelsk). Henta 15. februar 2023. 
  5. Matamis, Apostolis (27. januar 2023). «Sudden Lights:"We want the audience to have the feeling of a rock concert" | Exclusive Interview». Eurovision News | Music | Fun (på engelsk). Henta 15. februar 2023. 
  6. Veen, Renske ten (11. februar 2023). «Sudden Lights win Supernova final and will represent Latvia at Eurovision 2023 with "Aija"». wiwibloggs (på engelsk). Henta 15. februar 2023. 
  7. «Eurovision 2023: Allocation Draw results». eurovision.tv (på engelsk). 31. januar 2023. Henta 15. februar 2023. 
  8. «First Semi-Final of Liverpool 2023 - Eurovision Song Contest». eurovision.tv. Henta 18. mai 2023. 
  9. «Mūzikas Patēriņa Tops/ 07. nedēļa» (på engelsk og latvisk). LAIPA. 19. februar 2023. Henta 18. juni 2023. 
  10. «Latvijas radio stacijās spēlētākās dziesmas TOP 13. nedēļa» (på latvisk). LAIPA. 27. mars 2023. Henta 28. mai 2023.