Sudden Lights

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Sudden Lights

Aktiv2012–
Sjangerpop, indierock, poprock

Sudden Lights er eit latvisk indierockband som blei skipa i Riga i 2012. Bandet består av Liam Plecak på vokal, Mārtiņš Matīss Zemītis på trommar, Kārlis Matīss Zitmanis på gitar og Kārlis Vārtiņš på bass.

I februar 2023 vann gruppen den latviske songtevlinga Supernova 2023 med songen «Aijā». Med sigeren representerte dei Latvia i Eurovision Song Contest 2023.[1][2]

Bakgrunn[endre | endre wikiteksten]

Sudden Lights blei skipa i 2012 av Liam Plecak (fødd Andrejs Reinis Zitmanis) og Mārtiņš Matīss Zemītis då dei begge var studentar ved Pāvuls Jurjāns musikkskule i Riga. Dei øvrige medlemmane i gruppa, Kārlis Matīss Zitmanis og Kārlis Vārtiņš, blei med i 2014.

I 2015 vann Sudden Lights musikkprisen Pirmā plate ('Førsteplata'), ei latvisk tevling for nye musikarar.[3] Fyrsteprisen gav gruppa moglegheita til å spele inn ein song, og gruppa spelte inn «Tik Savādi» same året.

Hausten 2017 slapp dei debutalbumet Priekšpilsētas med ti songar på både latvisk og engelsk. Gruppa heldt den fyrste, eigenorganiserte konserten sin våren 2018.[4] Omtrent samstundes deltok Sudden Lights i Supernova 2018, den latviske uttakinga til Eurovision Song Contest 2018, med låten «Just Fine». Dei enda til slutt på ein andreplass.[5]

I oktober 2019 kom oppfølgjaralbumet til Sudden Lights – Vislabāk ir tur, kur manis nav, og i slutten av februar 2020 innleia bandet sin fyrste konsertturné i Latvia. Det rakk å opptre i Valmiera, Liepāja og Alūksne før koronapandemien tvang dei til å avlyse avslutningskonserten i Riga. Det tredje albumet til Sudden Lights, Miljards vasaru, kom ut i 2022.[6]

I 2023 prøvde Sudden Lights seg på nytt i songtevlinga Supernova, i regi av kringkastaren Latvijas Televīzija, med songen «Aijā». Denne gongen gjekk gruppa heilt til topps og fekk dimed representere Latvia i Eurovision Song Contest 2023 i Liverpool.[2] Gruppa blei slått ut av semifinalen 9. mai etter å ha blitt nummer 11 av 15 deltakarar, berre tre poeng bak tiandeplassen.[7]

Medlemmar[endre | endre wikiteksten]

  • Liam Plecak (tidlegare namn: Andrejs Reinis Zitmanis, vokal)
  • Kārlis Matīss Zitmanis (gitar)
  • Mārtiņš Matīss Zemītis (trommar og slagverk)
  • Kārlis Vārtiņš (bass)

Diskografi[endre | endre wikiteksten]

Studioalbum[endre | endre wikiteksten]

  • 2017: Priekšpilsētas
  • 2019: Vislabāk ir tur, kur manis nav
  • 2022: Miljards vasaru

Referansar[endre | endre wikiteksten]